Vegvisaren Noreg.no

Noreg.no er no ein vegvisar til innbyggjarretta digitale tenester frå det offentlege. Noreg.no er også innbyggjaren sin hovudkanal for informasjon om digital postkasse.

Noreg.no skal vere eit supplement til verksemdene sine eigne nettsider og gje innbyggjarane ei inngangsdør til offentlege tenester på nett (sjølvbeteningsløysingar), på tvers av sektorar og nivå. 

I tillegg til å finne tenester gjennom søk eller temameny, kan ein også finne dei ut frå ein aktuell livssituasjon. Det er no definert åtte slike livssituasjonar, der tenester som er aktuelle i den enkelte livssituasjonen, er samla.

Verksemdene registrerer nye tenester

Kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder kan sjølve leggje inn tenestene sine på Noreg.no. Verksemdene loggar inn med Difi si innloggingsløysing og kjem til eit administrasjonsgrensesnitt der ein får oversikt over kva tenester som ligg inne og og der ein kan endre og leggje til nye tenester.

Norge.no
Veiviser til offentlige tjenester på nett

Nye brukarar kan kontakte brukarstøtte@difi.no eller ringje tlf. 800 30 300 for å få rettleiing.

Redaksjonen for Noreg.no legg inn nye tenester frå statlege verksemder i den grad vi har oversyn og kapasitet.

Automatiske innhenting av kommunale tenester via tenesteleverandørane er under innføring.

Samarbeidsportal for verksemder

Alle verksemdene som brukar ID-porten, har tilgang til Samarbeidsportalen. Her finn ein rettleiing om registrering av tenester, driftsstatus, meldingar og annan informasjon om Noreg.no.

Språk

Noreg.no har ei blanding av nynorsk og bokmål på sidene, slik at brukarane blir møtte med begge målformene. Det skal vere minst 25 % nynorsk i eigenprodusert stoff og i omtalen av statlege tenester.

Kommunale tenester er omtalte på den målforma kommunen brukar. Rammeverket, dvs. menyar og tekst i topp og botn på sidene, kan ein få på anten nynorsk eller bokmål ved å velje målform i toppmenyen.

Noreg.no har også engelskspråklege sider, men ikkje alle tenestene har ei engelsk omsetjing. Dersom ei teneste ikkje er omsett til engelsk, blir den norske teksten vist.

Opne data

Innhald frå gamle Noreg.no ligg ute som opne data på data.norge.no. Her kan ein blant anna finne oversyn over alle statlege verksemder og kommunar med hierarki, kontaktinformasjon og geografisk plassering. Desse data blir ikkje lenger oppdaterte av Difi.

Innhaldet på dagens Noreg.no ligg også ute som opne data.

 

Sist endra: 
11. mar 2016

Sharethis

Kontakt

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*