Offentleg elektronisk postjournal (OEP)

Offentleg elektronisk postjournal (OEP) er eit ledd i regjeringa sitt arbeid for å fremme openheit og demokrati i forvaltninga. Føremålet med tenesta er å gjere offentlege brev og dokument lettare tilgjengeleg for innbyggarane og å effektivisere forvaltningas gjennomføring av offentlegprinsippet.

Kva er OEP?

Offentleg elektronisk postjournal er ei felles publiseringsteneste for postjournalar til statlege verksemder. Verksemdene nyttar publiseringsløysinga til å gjere sine eigne postjournalar tilgjengelege på Internett for alle brukarar. Dei ulike postjournalane vert så samla i ein felles database som vert gjort søkbar for brukarane. Brukarane kan søkje etter informasjon gjennom OEP og tinge innsyn i den informasjonen dei finn interessant. Denne tinginga vert sendt til den verksemda som er ansvarleg for journaloppføringa. Deretter blir tinginga behandla av verksemda som eit innsynskrav, og brukaren får svar direkte frå verksemda.

Kven står bak OEP?

OEP er utvikla av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Difi er forvaltnings- og administrasjonsansvarleg for tenesta på vegner av KMD, som eig tenesta. Innhaldet i OEP vert publisert av departementa og dei statlege etatane som eig postjournalane. Det er dei som har publisert journalane som er ansvarlege for innhaldet dei har lagt ut, og for å handsame innsynskrav i dokumenta.

Brukarstøtte

Her kan du ta kontakt om du treng hjelp til å nytte OEP, har spørsmål, kommentarar eller ynskjer å melde feil. Du treff oss på telefon på kvardagar mellom klokka 08.00 og 16.00. Sender du e-post svarar me så fort me kan, seinast innan tre verkedagar.

Har du spørsmål om enkeltsaker i OEP, etterlysing av tingingar, klagesaker etc., må du kontakte den offentlege etaten som er ansvarleg for denne saka. Du finn kontaktinformasjon til etaten under saksopplysningane i OEP.

Telefon: 800 30 613

E-post: kontakt@oep.no

Publisert: 18. nov 2014, Sist endra: 18. aug 2017

Sharethis

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*