Om medlemmene i Digitaliseringsrådet

Her kan du lese om medlemmene i Digitaliseringsrådet og bakgrunnen deira.

 

Svein Ragnar Kristensen

leiar av Digitaliseringsrådet. Kristensen var skattedirektør frå juli 2006 til juli 2013 og har til saman 18 år i Skatteetatens leiing. Dette var ein periode med omfattande IKT-utvikling, digitalisering av tenestene og store omstillings- og organisasjonsprosessar der IKT var ein viktig drivar. Han har tidlegare vore administrasjonsdirektør i Rikstrygdeverket og Direktoratet for arbeidstilsynet, byråsjef i KAD og medarbeidar i APs stortingsgruppe. Sidan 2013 har Kristensen støtta Politidirektøren med omstillinga av politiets administrative funksjonar. Han er utdanna siviløkonom.

Toril Nag

er utdanna sivilingeniør innan Computer Science og har lang industrierfaring frå IT/Telecom, inkludert styring av større IT-prosjekt og IT -anskaffingsprosjekt. Ho er i dag konserndirektør for Tele/Teknologiområdet i Lysekonsernet med mellom anna ansvar for internettleverandøren Altibox og IoT-selskapet Smartly, og Lyse si utbygging av fibernett. Nag er også nestleiar i styret i IKT Norge.

Jan-Olav Styrvold

er tidlegare norsk administrerande direktør og Vice President EMEA i eit amerikansk programvareselskap, seinare partnar i norsk bedriftsrådgjevingsfirma i 13 år. Han er no direktør Økonomi og IT i AS Vinmonopolet. I tillegg har Styrvold også sete som styreleiar og styremedlem i ei rekkje norske verksemder innan IT-teknologi.

Øivind Christoffersen

er utdanna frå Universitetet i Oslo med hovudfag i Informatikk. Han har arbeidd med større IT-prosjekt både som systemutviklar og prosjektleiar. Han gjekk etter kvart over i leiarstillingar i norske og internasjonale selskap, og sat i toppleiinga i Hewlett-Packard Norge og var adm. direktør i Honeywell Norge. Frå 2000 til 2013 var han adm. direktør i Statsbygg. Dette var ein periode då Statsbygg utvikla ein prosjektgjennomføringsmodell med risikohandtering både på prosjekt- og porteføljenivå. Christoffersen sit i dag i diverse styre, og er spesialrådgivar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Nina Aulie

har cand.mag i samfunnsfag frå universitetet i Bergen og Oslo og er ein erfaren endringsleiar. Ho har meir enn 20 års erfaring frå toppleiing i offentleg sektor, der ho har jobba med implementering av prosessar og organisasjonsendringar. Aulie har også leia omfattande endringsprosessar i store organisasjonar som Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet.

 

Magne Jørgensen

har mastergrad innan økonomi og IT frå universitetet i Karlsruhe og doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Han er sjefsforskar ved Simula Research Laboratory og professor ved Universitetet i Oslo. Han har erfaring som prosjektleiar og leiar for IT-prosessar i Telenor og Storebrand. Forskinga hans har dei seinare åra i stor grad fokusert på planlegging og leiing av IT-prosjekter.

 

Eli Stokke Rondeel

er utdanna sivilingeniør frå NTH/NTNU innan signalbehandling i 1994. Ho har jobba 15 år som konsulent i Accenture og Devoteam. Sidan 2009 har ho jobba i Sykehuspartner som avdelingsleiar. Frå 2012 til 2015 har ho vore prosjektleiar for eit av dei største prosjekta innan helse i Noreg og gjennomført eit stort endringsleiing- og systeminnføringsprosjekt med eit budsjett på over 900 MNOK. Ho er no assisterande programleiar for Program for Regional klinisk løsning i Helse Sør-Øst. Programmet skal levere éin pasientjournal i Helse Sør-Øst.

Kjetil Århus

har jobba med IKT og digitalisering i offentleg sektor sidan 2007. Frå 2007 har han hatt ansvaret for digitalisering i Bergen kommune, og han har hatt stillinga som IKT-direktør frå 2010. Som representant frå Bergen kommune, har Århus saman med Oslo kommune drive og hatt ansvaret for IKT-samarbeidet blant dei ti største kommunane (K10) frå det vart etablert. I tillegg har han bidratt aktivt i etablering og gjennomføring av KS-programmet KommIT og styringsgrupper/arbeidsgrupper som understøtter digitalisering knytt til samhandling stat/kommune. Han bidrar også som foredragshaldar og i programkomitear i større offentlege Ikt-konferansar.

 

 

Publisert: 23. nov 2015, Sist endra: 11. okt 2017

Sharethis

Kontakt

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*