e-SENS

e-SENS var EU sitt program for å utvikle felles IT-infrastruktur i EU. Programmet leverte felleskomponentar som ulike sektorar kunne bruke opp att i si tenesteutvikling. Noreg og Difi var tungt inne i programmet både i arbeidet med ehandel og i arbeidet med å ta fram felleskomponentar. Infrastrukturen hadde som mål å utvikle den europeiske marknaden gjennom innovative og effektive IKT-løysingar av høg kvalitet til bruk i offentleg forvaltning.

e-SENS skulle sikre innsparingar i form av pengar og tid, både for innbyggarane og myndigheitene. Prosjektet skulle gi stordrifts¬fordelar, gjenbruk, samarbeid og ny styringsmodell gjennom koordinering på tvers av domene på nasjonalt nivå og EU-nivå. Fokus var på sentrale byggesteinar som e-ID, e-dokument, e-Levering, semantikk og e-signatur.

Som eit resultat skulle e-SENS definere standardar for å aktivere potensialet av offentlege tenester over landegrensene gjennom

  • betre teknisk sikkerheit, ved å bane veg for å overvinne dei juridiske barrierane i Europa,
  • forbetring av generell effektivitet, gjennom mellom anna meir brukarvennleg sjølvbetening i eit komplekst miljø,
  • hjelp til innbyggarane når dei kryssar landegrensene samt å hjelpe utanlandske statsborgarar som ønsker å besøke ein medlemsstat, anten for turisme, pensjon eller for å jobbe.

 

e-SENS video (eng.)

Kven har hatt nytte av e-SENS?

  • Medlemsstatane har fått tekniske løysingar for å skape interoperable, effektive offentlege tenester med høg kvalitet,
  • Industrien har fått tilgang til open kjeldekode-løysingar som for bruk i eigne forretningstenester,
  • Borgarar og entreprenørar har fått fordelar av offentlege tenester som skal forbetre rørslefridom for alle som lever og driv verksemd innan EU.

Nesten 100 partnarar frå 20 europeiske land, inkludert Noreg, støtta opp om e-SENS-prosjektet. Vidare ga ETSI (europeisk standardiserings-institusjon for telekommunikasjons-system) og OpenPEPPOL viktige bidrag til prosjektet. Slik brei involvering vitnar om stor interesse og eit sterkt behov for å utvikle saumlause elektroniske tenester i heile Europa.

e-SENS forbetra og utvida innsatsen til storskala pilotprosjekt som allereie var lansert, til dømes e-CODEX, epSOS, SPOCS, STORK, PEPPOL, ved å legge til rette for tilgang til helsetenester, rettsvesen, offentlege anskaffingar og føretaksetablering i Europa.

Med underteikning av bidragsavtalen for prosjektet 14. august 2013 vart prosjektet offisielt lansert. Prosjektaktivitetane var i gang frå 1. april 2013 fram til e-SENS vart avvikla 31. mars 2017.

Pressemeldingar og presentasjon

Nyheitsbrev (engelsk)

  • e-SENS Newsletter 2/2017: Final issue as the project reached its end on March 31st.
  • e-SENS Newsletter 1/2017: Connecting Europe. Get on-board! From the e-SENS pilots to Reality
  • e-SENS Newsletter 3/2016: Blueprint for e‑Confirmation service in e‑Health available, A step closer to cross‑border tendering, Prospects for new pilots in the e‑Justice domain, Handover process in the e‑Health domain started, Proposal for the long‑term governance of digital solutions, e‑SENS final event.
  • e-SENS Newsletter 2/2016: Estonia and the Netherlands successfully test e-Confirmation service, Work in e-Invoicing pilot completed, VCD sample software implementation for European Single Procurement Document released, e-SENS AS4 and SMP implementation funded under CEF e-Delivery call, eIDAS connector created, e-SENS Business case developed.
  • e-SENS Newsletter 1/2016: Sweden opens academic borders with e-SENS pilot, e−SENS e−Health domain continues efforts of the EXPAND project, Transfer from STORK 2.0 to e−SENS and further work on cross−border e−ID, New release of the e−SENS electronic repository for European Interoperability Architecture (EIRA), Results of e−SENS AS4 test session, Further developments of the European IT governance model.
  • e-SENS Newsletter 2/2015: The e-SENS family is getting bigger, "Minder" testbed available online, CEF e-Delivery, e-SENS IT-Governance model, e-SENS takes over STORK 2.0, Learn key facts about e-SENS building blocks, New webzine edition available.

  • e-SENS Newsletter 1/2015: Business activity registration launched in Poland, ′Non−repudiation′ solution implemented in the e−Health domain, Seamless cross−border e−Tendering is approaching, The e−Procurement domain meets the IT Industry representatives, e−Justice − the development of tools for secure transmission of documents by electronic means, New e−SENS piloting domains − citizens lifecycle and e−agriculture.

  • e-SENS Newsletter 2/2014: e−SENS European Interoperability Reference Architecture on its way, Piloting preparations in full swing, New piloting domains in e−SENS, Intentions and ideas regarding long−term sustainability and governance of project solutions, e−SENS building blocks are being assessed by the European Multi Stakeholder Platform on ICT Standardization, The first e−SENS European event ″Making e−Services a Reality″, Project open to new beneficiaries!

  • e-SENS Newsletter 1/2014: Piloting use cases defined, ICT Baseline Architecture of e-SENS, Sustainability assessment of e-SENS building blocks, Overview of sustainability plans of Large Scale Pilots, Overview of sustainability plans of Large Scale Pilots.

  • e-SENS Newsletter 1/2013: Architectural Stock Taking, Choosing Real-Life cases for piloting, Sustainability of technical modules.

Publisert: 05. feb 2015, Sist endra: 11. okt 2017

Sharethis

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Vi leser alt, men du blir anonymisert og vi kan derfor ikke svare deg. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*