Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt

Medfinansieringsordninga vil frå 2020 bli eit viktig verkemiddel for å realisere regjeringa og KS sin Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019-2025.

187,9 mill. kr til medfinansiering i 2020!

I framlegg til statsbudsjett for 2020 er potten auka med 60,7 mill. kr frå 2019, til kr 187,9 mill. kr.

Søknadsfrist er 20. februar.

Meld deg på rettleiingssamling for søkjarar 9. januar.

Oppdaterte søknadsmalar.

Kva type prosjekt kan få midlar frå medfinansieringsordninga?

Potten til medfinansiering vil gå til tre kategoriar prosjekt:

  1. tverrgåande prosjekt som støttar opp under målet om samanhengande tenester i digitaliseringsstrategien
  2. fellesløysingar (plattformar, infrastruktur) som støttar opp under digitaliseringsstrategien
  3. små og mellomstore samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringsprosjekt, som tidlegare

Kven kan søke?

  • statlege verksemder som ligg under staten som rettssubjekt. Dette omfattar ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan med særskilte (budsjett)fullmakter.
  • kommunane og statlege verksemder som er eigne rettssubjekt kan ikkje søke, men kan gjerne vere samarbeidspartar

Vilkår for medfinansiering

  • prosjekta må vere samfunnsøkonomisk lønsame og ha tilknytta gevinstar
  • små og mellomstore prosjekt må ha ein prosjektkostnad mellom 5 og 50 mill. (inkl. interne lønnskostnader).
  • prosjektkostnad for tverrgåande prosjekt og fellesløysingar vil få andre rammer. Det kjem nærare retningsliner om dette.
  • medfinansieringa kan gå over maksimalt tre budsjettår

Kor mykje midlar kan eit prosjekt få?

  • små og mellomstore prosjekt kan få medfinansiering inntil 50 % av den totale prosjektkostnaden (inkl. interne lønskostnader), maksimalt 15 mill. kr.
  • prosjekt i dei to andre kategoriane vil få andre rammer. Det kjem nærare retningsliner om dette.

Krav til gevinstrealisering 

Det er eit krav at 50 % av netto gevinstar skal realiserast ved reduksjon av framtidige budsjettrammer.  Netto gevinst betyr gevinst fråtrekt varige driftskostnader med ny løysing. Verksemdene får altså behalde 50 % av av netto gevinst internt. Det kjem nærare retningsliner om dette.

Ein kan søkje om midlar sjølv om ein har små eller ingen interne gevinstar.

Kontakt