Oversyn over førande dokument for nasjonal arkitektur

Her finn du eit oversyn over sentrale føringar for den nasjonale arkitekturen, slik som stortingsmeldingar, lover og forskrifter og utgreiingar. I tillegg finn du ein del sentrale føringar frå europeisk hald.

Formålet med denne sida er å lage samling av dei viktigaste føringane for arbeid med verksemdsarkitektur i offentlege verksemder og digitaliseringsprosjekt, og å presissere kva konsekvensar føringane har for arkitekturarbeidet i sektorane og verksemdene.

Stortingsdokument og liknande (t.d. Digital agenda)

Digital agenda for Norge (Meld. St. 27 (2015-2016)

Stortingsmeldinga har fem hovuprioriteringar for IKT-politikken:

  • Brukaren i sentrum
    • Frå eit arkitekturperspektiv trekk vi fram at offentlege tenester "skal oppleves sammenhengende og helhetlige for brukerne, uavhengig av hvilke offentlige virksomheter som tilbyr dem"
  • IKT er ein vesentleg innsatsfaktor for innovasjon og produktivitet
  • Styrka digital kompetanse og deltaking
  • Effektiv digitalisering av offentleg sektor
    • Frå eit arkitekturperspektiv trekk vi fram at "stat, kommune og ulike sektorer bør benytte fellesløsninger for å dekke like behov", og at offentleg sektor skal legge "til rette for samvirke med europeiske løsninger"
  • Godt personvern og god informasjonssikkerheit
    • Frå eit arkitekturperspektiv trekk vi fram at personvern og informasjonssikkerheit "skal være en integrert del av utviklingen og bruken av IKT"

Meldinga inneheld òg nye strategiske prinsipp for nasjonale felleskomponentar. Det fjerde prinsippet seier følgjande:

Nasjonale felleskomponentar sine IKT-arkitekturar er kompatible.

Felleskomponentane skal følgje dei gjeldande prinsippa for IKT-arkitektur, og vere kompatible med dei andre felleskomponentane. Arkitekturen skal understøtte samhandling mellom dei ulike felleskomponentane og mellom felleskomponentane og tenesteeigarane sine eigne løysingar.

Meldinga slår òg fast at Difi har ansvar for å etablere og forvalte offentlig sektors IT-arkitektur. Arkitekturen skal sikre at forvaltninga framstår heilskapleg overfor sine brukarar og løyser sine oppgåver på ein effektiv måte. Arkitekturarbeidet må skje i tett samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Stortingsmeldinga finn du ved å følgje denne lenka.

Digital agenda for Norge - IKT for vekst og verdiskaping (St.meld. nr. 23 (2012-2013))

Stortingsmeldinga finn du ved å følgje denne lenka.

Ei forvaltning for demokrati og fellesskap (St.meld. nr. 19 (2008-2009))

I samband med stortingsmeldinga, presenterte regjeringa prinsipp for ein felles IKT-arkitektur i staten. Du finn ein nærare omtale av arkitekturprinsippa ved å følgje denne lenka. Ifølgje meldinga skal arkitekturprinsippa "sikre at dei IKT-løysingane som kvar etat eller sektor kjøpe utviklar og nyttar, er i samsvar med sentrale krav om auka brukarorientering og samhandling tvers".

Stortingsmeldinga finn du ved å følgje denne lenka.

Undersøking frå Riksrevisjonen om digitalisering av kommunale tenester

I revisjonen, frå 2016, skriv Riksrevisjonen mellom anna: "Mer felles kommunal ikt-arkitektur og standardiserte grensesnitt er en forutsetning for at de lokale fagsystemene i kommunene kan samhandle digitalt, slik at også innbyggere og næringsliv kan oppleve at det offentliges digitale tjenester kommuniserer bedre". Heile undersøkinga finn du ved å følgje denne lenka.

Lover og forskrifter (t.d. forvaltningslova)

Forvaltningslova

Digital kommunikasjon er hovudregelen når forvaltninga kommuniserer med andre.

eForvaltningsforskrifta

 

Difi har laga eit oversyn over kva reglar for digital kommunikasjon som ligg i forvaltningslova og eForvaltningsforskrifta. Du finn den ved å følgje denne lenka.

Rundskriv, strategiar og liknande (t.d. digitaliseringsrundskrivet)

Digitaliseringsrundskrivet for 2015

Digitaliseringsrundskrivet stiller mellom anna krav om at verksemder skal følgje dei overordna arkitekturprinsippa på IKT-området [hyperlenke til prinsippa] og bruke obligatoriske standardar. Du finn heile rundskrivet ved å følgje denne lenka.

Nasjonal strategi for bruk av skytenester

Strategien finn du ved å følgje denne lenka.

Digitaliseringsprogrammet

Digitaliseringsprogrammet frå 2012, "På nett med innbyggerne", legg mellom anna følgjande prinsipp til grunn for framtidas digitale forvaltning:

  • Utvikling av IKT-løysingar skal sjåast i samanheng med arbeidsprosessar og organisering i forvaltninga.
  • Digitaliseringstiltak som har betydning for fleire tenester, skal samordnast.

Det første punktet er viktig fordi dette er nært knytt til forretningsarkitektur. Det andre punktet er viktig her i den forstand at verksemdsarkitektur er eit velegna verktøy for å sikre slik samordning.

I programmet slår regjeringa òg fast at digitale tenester i framtida skal etablerast på ein felles plattform. Heile programmet finn du ved å følgje denne lenka.

Utgreiingar (t.d. felleskomponentrapporten)

Vi har laga ei samleside for diverse utgreiingar med relevans for den nasjonale arkitekturen. Sida finn du ved følgje denne lenka.

Føringar frå europeisk hald (t.d. European Interoperability Framework)

Interoperability Solutions for European Public Administrations (ISA)

Informasjon om ISA2 på Difi sine sider https://www.difi.no/fagomrader-og-tjenester/digitalisering-og-samordning/europeisk-infrastruktur

European Interoperability Framework (EIF)

Grunnleggjande om EIF: ...

EIF inneheld mellom anna ti grunnleggjande prinsipp for offentlege tenester i Europa:

  1. Nærleiksprinsippet og implementeringsfridom
  2. Gjenbruk
  3. Openheit og gjennomsiktigheit
  4. Tenesteorientering
  5. Brukarretting
  6. Tilgjengelegheit
  7. Sikkerheit
  8. Fleirspråklegheit
  9. Datalagring
  10. Effektivitet

Difi har laga ei samanlikning mellom desse prinsippa og dei overordna IT-arkitekturprinsippa vi har her i Norge. Den finn du ved å følgje denne lenka. [Ikkje klar enno.]

European Interoperability Reference Arcitecture (EIRA)

Grunnleggjande om EIRA.

Illustrasjon, konseptuell modell?

 

Publisert: 06. apr 2016, Sist endra: 06. sep 2018

Sharethis

Kontakt