Kjernemodell for Adresse

Her finn du informasjon om bakgrunn, føremål, beskriving, omfang, referansar og vidare arbeid i tilknyting til kjernemodellen for Adresse.

Publisert: 29. sep 2016, Sist endret: 30. mai 2020

Bakgrunn

Førsteversjon av felles informasjonsmodell for adresser utarbeidd av ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå Skate-verksemdene og leia av Skattedirektoratet.

Føremål

Felles forståing av adresseomgrep og standardiserte informasjonsstrukturar for konsistent bruk og representasjon av adresser.

Beskriving

Adresse omfattar:

  1. noko for å nå noko eller nokon (adressere mobil, e-post og post)
  2. noko for å stadfeste noko eller nokon (adressere kor noko er)
  3. noko for å indirekte identifisere nokon (~utanlandske partar)

Omfang

Fokuset er på strukturar for ulike typar adresser som er relevante for  oss i offentleg forvaltning. Fokus har ikkje vore å kartlegge bruk av adresser, til dømes om adressa er bustadadresse, besøksadresse, forretningsadresse, mellombels adresse etc. Den type informasjon kan kome som framtidig tillegg til modellen samt at bruken av ei adresse vert definert  i det interesseområdet som bruker ei adresse i ein gitt kontekst.

Referanser

Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova): https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-101

Kartverket om adressering: https://kartverket.no/eiendom/adressering/

SOSI fagområdestandard for Adresse: https://kartverket.no/geodataarbeid/Standarder/SOSI/SOSI-standarden-del-2/

Matrikkelens føringsinstruks: https://www.kartverket.no/eiendom/saksbehandling/veiledning-og-kurs/veiledning-for-lokal-matrikkelmyndighet/foringsinstruks-matrikkelen/

Kommunen som adressemyndigheit (adresserettleiar og anna nyttig): https://kartverket.no/eiendom/adressering/Kommunen-som-adressemyndighet/

Vidare arbeid

Liste over tema og informasjonselement som er vurdert tatt inn i modellen, men som ikkje kom med:

  • Internasjonal adresse er ikkje tatt med i denne versjonen
  • Ustrukturert adresse er ikkje tatt med
  • Elektroniske adresser (URI etc.) er heller ikkje tatt med
  • Modellering og bruk av geometri for adresse, korleis realiserer type ‘Punkt’ i løysingar (XML,rdf). Og korleis ta omsyn til EU (ISA) Core Lokasjon
  • Modell for identifikasjon av objekt (UUID)
  • Postboksadresse og forholdet til geografisk- og offisielladresse

Punkta må adresserast i framtidig arbeid.

Deldette

Kontakt

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*