Vidare arbeid med informasjonsmodell for Person og Eining

Her vert det beskrive vidare arbeid og informasjonselement som vart vurdert tatt inn i modellen, men som ikkje kom med.

Publisert: 03. nov 2016, Sist endret: 04. jul 2019

Modellane er meint å vere overordna slik at dei beskriv berre den informasjon som vert sett som felles for interessentane. Dei einskilde etatane vil ha meir detaljert informasjon som fell inn under verksemdsområda deira. Desse vert beskrive i eigne informasjonsmodellar.

Aktør

Det er behov for ein større diskusjon rundt aktør, person, fysisk person, (organisasjons-)eining med fleire, for å lande tilhøvet mellom disse omgrepsmessig.

Skal Aktør ha ‘0..1’ eller ‘0..*’ for elektroniskKontaktinformasjon? Personar har gjerne fleire telefonnummer og epostadressar, men kva adresse er då primær? Har ‘0..*’ foreløpig.

Kontaktinformasjon

Heimeside er tatt ut som eigenskap - ingen tydeleg brukarhistorie.

Kommentar på at Facebook-konto eller liknande er meir relevant kontaktinformasjon enn heimeside. Kan vere relevant for kommunikasjon mellom det offentlege og privat via sosiale medium.

Telefaks er tatt ut som eigenskap - ingen tydeleg brukarhistorie.

Kontakt- og Reservasjonsregisteret (KRR) innheld også "reservasjonsstatus", samt digital postkasse-adresse med tilhøyrande krypteringssertifikat, men er for detaljert for denne modellen. Sjå dokumentasjon av KRR her.

Person

Ingen familierelasjonar er tatt med.

Persons bustadsadresse eller postadresse er ikkje med.

Eining

Omgrepet eining i fellesmodellen vert brukt i tydinga hovudeining, men vil ha ein vidare definisjon enn den Einingsregisteret bruker. Det finst einingar som verken har registreringsplikt eller -rett i Einingsregisteret og som fellesmodellen må dekke, og desse fell derfor utanfor definisjonen til Einingsregisteret . Eining må her sjåast i ein utvida kontekst med eigenskapar utover dei som vert registrerte  i Einingsregisteret. Brønnøysundregistra registrerer til dømes norske einingar i ein del europeiske registrer der desse vert tildelt felleseuropeiske identifikatorar som ikkje inngår i Einingsregisteret.

I eit vidare arbeid bør ein derfor utvide definisjonen av Eining. Også termen Eining bør diskuterast, både for å presisere at definisjonen dekker meir enn den Einingsregisteret bruker, og fordi den ikkje nødvendigvis er intuitiv for dei som ikkje har kjennskap til Einingsregisteret.

Eining kan identifiserast både direkte gjennom eigenskap organisasjonsnummer og tilknytta identifikator. Person har ikkje denne mekanismen.

Relasjonar mellom person og eining må også beskrivast.

Vi må også sjå på andre typar identifikatorer enn organisasjonsnummer, som Pre-Legal Entity Identifer (GLEI) og European og europeiske identifikatorar (som er tilgjengeleg via European Business Register). Brønnøysundregistra har opplysningar om dette. Vi må også sjekke ut BRIS (?).

Identifikator

Identifikasjonsmodellen dekker kun identifikatorar. Det har vore ønske om å dekke dokumentet (til dømes pass) som dokumenterer identitet også som eigen type, men det vert utsett til vidare arbeid. Avventer ferdigstilling av informasjonsmodell for modernisert Folkeregister.

Informasjon om truverdet til ein identifikator er ikkje med. Det har vore vurdert ein eigenskap for truverde med anten ‘ja/nei’ (boolsk) eller med kodelista ‘unik, kontrollert, ikkje-kontrollert. Også her ser ein til endeleg modell for modernisert Folkeregister.

Lokasjon og geometri

Vert ikkje tatt med. Var foreslått for kompatibilitet med EU Core Location, men hadde ikkje tydelege brukarhistorier for å legge fødestad, fødeland, dødsstad og dødsland til type Lokasjon. Fødeland og dødsland får verdiar frå Landkode, men fødestad og dødsstad er Tekst.

Vegadresse og Matrikkeladresse i Adresse-modellen har representasjonspunkt av geometri-typen Punkt.  

Sjå kommentar frå Kartverket om id og geometri i fellesmodell:

Med tanke på interoperabilitet nasjonalt og i Europa har vi to tilnærmingsmetodar: bruke ISA core eller modellere i henhold til ISO/TC 211 standarder.

ISO/TC 211-standardane har ei presis beskriving av geometri og topologi som dekker alle moglege behov. Kompleksiteten i desse standardane avheng av kor kompleks geometri/topologi ein ønsker å beskrive. Punkt har ei enkel beskriving, 'volum'-objekt eller lekamar sett saman av ulike typar linjer og flater har som forventa ei meir kompleks beskriving.

ISA core har ein veldig forenkla metode for å beskrive geometri, men som berre dekker dei enklaste brukartilfella, spesielt med fokus på punkt. I denne forenklinga ligg også at koordinatane vert beskrivne som lengd og breidd og ikkje punkt i ein projeksjon av eit datum.

ISO/TC 211-standardene føreset at modelleringa skjer i samsvar med  ein profil av UML, det som vert kalla ein generell objektmodell. For modellar som er utvikla i samsvar med  dette rammeverket finst det eit støtteapparat i form av generering av XML skjema (GML), samt ei rekke andre avleiingar som vi har lite erfaring med så langt (OWL/RDF, GeoJSON), modellvalidering, oppsett av tenester, etc.

Tilsvarande har ein i ISA core eit eksisterande og standardisert vokabular (RDF) samt XML-skjema. Dersom ein 'bygger på' ISA Core er ein også avhengig av eit støtteapparat for å legge til desse modellelementa i vokabularet/vokabulara.

Dersom vi i SKATE-samanheng lager noko nytt midt i mellom ISO/TC 211 og ISA core (dvs. basert på eit nytt rammeverk) er vi også avhengige av å lage eit nytt støtteapparat basert på desse, med ulike typar genereringar, samt 'mapping' til ISA core for å understøtte dette.

Kartverket har stor erfaring med å lage nødvendige verktøy/støtteapparat for å oppfylle forpliktingar i henhold til  norske lover og interoperabilitet i Europa. Dette er særs ressurs- og kompetansekrevjande, og bør vere eit viktig diskusjonstema i det vidare arbeidet med modelleringsreglar.

Deldette

Kontakt

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut