Arkitekturressursar frå andre verksemder

Her finn du ei oversikt over ressursar som viser korleis andre verksemder jobbar med verksemdsarkitektur.

Publisert: 18. mar 2016, Sist endra: 26. jun 2019

Verksemdsarkitektur i NAV

NAV har laga ei beskriving av verksemdsarkitekturen i eigen organisasjon, samt ein mal for utvikling av mål.

Verksemdsarkitekturen

Dokumentet beskriv kva verksemdsarkitektur skal vere i NAV, kvifor arbeidet vert gjort, rollar og ansvar.

Dokumentet finn du ved å følge denne lenka (pdf).

Mal for utvikling av målbilete

Dokumentet er ein mal for utvikling av arkitektur. Føremålet med dokumentet er å beskrive og forankre eit målbilete og eit utviklingsbehov, som vert grunngitt med forretningsgevinstar.

Dokumentet finn du ved å følge denne lenka (doc).

Nasjonal referansearkitektur for velferdsteknologi

Ein presentasjon av referansearkitekturen hos Direktoratet for e-helse finn du ved å følge denne lenka.

Arkivarkitekturprinsipp for Trondheim kommune

Prinsippa for arkivering av digital informasjon skal bidra til at dokumentasjonen i kommunen vert bevart og gjort tilgjengeleg for innbyggarane. Informasjonen skal vurderast og behandlast riktig i samsvar med lovverket. Prinsippa legg til rette for effektivisering, sikker behandling av opplysningar samt enkel og sikker tilgang.

Prinsippa finn du ved å følge denne lenka.

Sharethis

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut