Lær meir

Nedanfor har vi samla ei rekkje rapportar, rettleiarar og retningslinjer som er relevante for arbeidet med digitaliseringstiltak som påverkar kommunesektoren.

Utgreiingsinstruksen

DFØs utgreiingsinstruks

Instruksen inneheld krav som skal følgast for å sikre gode avgjersler for statlege tiltak.

Prosjektvegvisaren

Nettsida til prosjektvegvisaren

Sida viser til korleis prosjektet bør gjennomførast.

KMD sin rettleiar for statleg styring av kommunal sektor

Inneheld retningslinjer for statleg styring av kommunar og fylkeskommunar.

Rettleiar for statleg styring av kommunal sektor (Regjeringen.no)

  • Retningslinjer for rapporteringskrav
  • Retningslinjer for økonomiske styringsverkemiddel
  • Retningslinjer for utgreiing som påverkar kommunal sektor

Rettleiaren inneheld prinsipp for kva statlege tiltak, som er retta mot kommunane, skal ta omsyn til. Den har også retningslinjer for utgreiingar som får følgjer for kommunal sektor.

KS sin digitaliseringsstrategi

Digitaliseringsstrategien til KS

Dette er det sentrale dokumentet når det gjeld digitalisering av kommunal sektor. Statlege verksemder bør kjenne til dette. Spesielt viktig er at dei kjenner til FIKS-plattforma og kan utnytte denne.

Kommit-rådet

Kommit-rådet sine nettsider (ks.no)

Det er viktig at statlege verksemder er kjende med kommit-rådet og det arbeidet dei gjer med samordning og prioritering av digitaliseringstiltak i kommunane.

Kommunesamanslåing

Sjekkliste for kommunar ved kommunesamanslåing:

KS si sjekkliste for digitale konsekvensar av ei kommunesamanslåing

Sjekkliste frå Kartverket (nasjonal koordinator):

Kartverket si sjekkliste for digitale konsekvensar av ei kommunesamanslåing

Kommunereform generelt:

Kartverkets informasjon om kommunesamanslåing

I desse lenkene er det mange gode råd om korleis kommunane bør opptre når nye system skal innførast. Det kan vere nyttig for statlege verksemder å kjenne til kva kommunane må gjennom ved ei kommunesamanslåing.

Statistikk og andre data om kommunar

SSB si rettleiing til å finne statistikk for kommunane

Regjeringa sine data om effektivitet i kommunane

Statistikk som måler kvaliteten i kommunale tenester (bedrekommune.no)

Statlege verksemder kan nytte KOSTRA-data når dei skal berekne konsekvensane av tiltak for kommunal sektor. Her får dei kvalitetssikra data om tilstanden i kommunal sektor.

Difi-rapportar

Statlig styring av kommunene. En kartlegging av virkemiddelbruk og utviklingstrekk på tre sektorer i perioden 1999-2015 (2015:19)

Bedre involvering av kommunal sektor i statlige digitaliseringsprosjekter (2017:3)

Dette er nyttig bakgrunnsinformasjon.

Gevinstrealisering

DFØ sin rettleiar Gevinstrealisering – planlegging for å hente ut gevinstar av offentlege prosjekt

Statlege verksemder må berekne gevinstane for kommunane - både store, mellomstore og små kommunar. Berekningane bør baserast på data frå kommunane sine kostra-tall etc. DFØs rettleiing i gevinstrealisering er den beste rettleiaren når det gjeld berekning av gevinstar.

Publisert: 16. nov 2017, Sist endra: 02. des 2017

Sharethis

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Vi leser alt, men du blir anonymisert og vi kan derfor ikke svare deg. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*