Meir om utfordringsbiletet

Statlege verksemder har i mange tilfelle ikkje nok kunnskap om kommunal organisering, infrastruktur, rutinar og budsjettprosessar og korleis dette påverkar innføringa av nye digitaliseringsløysingar.

I Riksrevisjonens undersøking av digitalisering av kommunale tenester vert det peikt det på at staten ikkje koordinerer digitaliseringstiltak som påverkar kommunesektoren godt nok. Dette vert understøtta av Difis rapport «Bedre involvering av kommunal sektor i statlige digitaliserings-prosjekter» frå 2016 som viser at samhandling mellom stat og kommune om einskildprosjekt er svak.

Ikkje nok kunnskap om kommunal organisering og styring

Difis rapport peiker på at statlege verksemder i mange tilfelle ikkje har nok kunnskap om kommunal organisering, infrastruktur, rutinar og budsjettprosessar og korleis dette påverkar innføringa av nye digitaliseringsløysingar. Samtidig peiker undersøkinga på eit behov for betre samordning på kommunal side for å få større einingar og betre kapasitet og kompetanse.

Svakheiter i arbeidet med å identifisere og berekne konsekvensar

Staten er ikkje er god nok til å identifisere og berekne konsekvensane av digitaliseringstiltak som påverkar kommunal sektor (Agenda Kaupang & Oslo Economics, KS FoU-prosjekt nr. 154006). Ein av grunnane til dette er ifølge rapporten frå Agenda Kaupang at kommunesektoren i for liten grad vert involvert i planlegginga av digitaliseringstiltaka.

Dei faktiske kostnadene for innføring av statlege digitaliseringstiltak i kommunesektoren vert ofte vesentleg høgare enn kostnadsestimata. Agenda Kaupang peiker mellom anna på at staten ikkje i tilstrekkeleg grad bereknar kostnader og arbeidsinnsats korrekt i digitaliseringsprosjekt som påverkar kommunesektoren.

Staten må i større grad ta omsyn til kommunesektorens digitaliseringsløysingar

I rapporten frå Difi fremmar KS behovet for at staten legg til rette for at kommunar og fylkeskommunar kan nytte statlege løysingar der dette er føremålstenleg og at staten i større grad må ta omsyn til kommunesektorens digitaliseringsløysingar i utviklinga av nye statlege digitaliseringstiltak. Rapporten konkluderer med at dette føreset ei større grad av intern koordinering i kommunesektoren som sikrar ei tydelegare og meir heilskapleg kommunal tilnærming til nasjonale digitaliseringssatsingar og tiltak.

Publisert: 16. nov 2017, Sist endra: 17. nov 2017

Sharethis

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Vi leser alt, men du blir anonymisert og vi kan derfor ikke svare deg. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*