Mandat for Skate

Skate skal behandle aktuelle saker relatert til digitalisering av offentleg sektor, gi råd om tiltak og investeringar på IKT-området og uttale seg om tverrsektorielle tiltak. Skate skal vurdere heilskaplege løysingar og prioriteringar for norsk forvalting. Skate rapporterer gjennom Difi til KMD.

Føremål

Skate er eit strategisk samarbeidsråd samansett av toppleiarar på verksemdsnivå. Skate er eit rådgivande organ, som skal bidra til at digitaliseringa av offentleg sektor vert samordna og gir gevinstar for innbyggarar, næringsliv og forvaltinga.

Skate skal behandle aktuelle saker relatert til digitalisering av offentleg sektor og kan på eige initiativ ta opp saker som vert opplevd som relevante og viktige for alle deltakarar, eller som gjeld fleire av medlemmene. Skate skal gi råd om tiltak og investeringar på IKT-området og uttale seg om tiltak som gjeld fleire sektorar og verksemder eller som kan brukast eller har gjenbruksverdi på tvers av ansvarsgrenser. Dermed vil finansiering, styring og organisering av fellesløysingar vere sentrale saker for Skate.

Vidare skal Skate ivareta følgande omsyn:

  • Sikre god tenesteeigarmedverknad knytt til digitalisering og utvikling av nasjonale IKT-felleskomponentar
  • Vurdere behov for og forslag til endringar i felles offentlege IKT-standardar og arkitektur
  • Etablere forum for erfaringsutveksling og råd på tvers av forvaltarverksemdene og viktige tenesteeigarar
  • Diskutere investeringsbehov og investeringsplanar knytt til digitalisering
  • Utarbeide anbefalingar som vert lagt fram for interdepartemental samordningsgruppe
  • Vurdere utføringa av forvaltinga av felleskomponentane og annan sektorovergripande IKT
  • Medlemmene har eit felles ansvar for at Skate oppfyller sitt føremål.

Føresetnader

Medlemmene i Skate skal i si rådgivingsfunksjon vurdere heilskaplege løysingar og prioriteringar for norsk forvalting. I si rolle som rådsmedlem vert overordna departement orientert om viktige synspunkt som vert fremma i Skate.

Rolle

Skate skal tidleg inn i sakene og behandle forhold som behov, alternativ, omsyn, premiss, kriterium og prioriteringar.

Skate gir råd til kommunal- og moderniseringministeren og gir råd til deltakarane innanfor deira respektive ansvarsområde.

Det er ei målsetting for Skate å gi klare råd og anbefalingar. Skate skal søke å finne konsensus i sine anbefalingar og utsegner. Skate kan gi råd med delt innstilling og skal i så fall gjere greie for dei ulike syna på saka.

Rapporteringslinje

Skate rapporterer gjennom Difi til Kommunal- og moderniserings-departementet (KMD) / kommunal- og moderniseringsministeren. Skate kan be KMD om å ta opp saker med andre departement.

Skate vert leidd av Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) som også har sekretariatet.

Arbeidsform

Skate skal i utgangspunktet ha fire møte i året. Ved behov kan det gjennomførast ekstraordinære møte, bilaterale møte eller settast ned arbeidsgrupper.

Plan for saker til behandling i løpet av året, bør fastsettast på årets første møte.

For kvar sak som vert tatt opp til behandling skal det gå fram om det er ei sak der Skate er forventa å gi eit råd, ei anbefaling eller ei utsegn, eller om det er ei orienteringssak. Medlemmene skal bidra med tilstrekkelege ressursar til å utarbeide saksframlegg og førebuing av saker. Medlemmene skal ha høve til å uttale seg før saka vert behandla i Skate.

Møteplan for året samt agenda, saksframlegg og referat frå kvart møte vert publisert på eiga informasjonsside om Skate på www.difi.no, med unntak av eventuelle einskildsaker som er unntatt offentlegheit.

Samansetting

Skates medlemmer skal vere toppleiarar i sine respektive verksemder. Ved forfall kan ein annan representant for verksemda møte. Medlemmene kan ta med bisitjar.

Toppleiarar i verksemder med linjeansvar for nasjonale felleskomponentar er faste medlemmer av Skate. I tillegg skal eit utval statlege tenesteeigarar inviterast med. Utvalet skal vurderast og eventuelt justerast ved behov av Difi etter diskusjon i Skate. Kommunesektoren representert ved KS/KommIT deltar som fullverdig medlem, men fråtrer møtet når budsjettsaker vert diskutert.

Felleskomponentforvaltarane er faste medlemmer av Skate. Dei andre medlemmene rullerer i 2-års periodar. Difi vurderer og foreslår samansettinga etter innspel frå medlemmene i Skate. På dette grunnlaget vedtek KMD endringar i samansettinga av Skate.

Direktør for desse verksemdene er medlemmer i Skate frå etableringa i oktober 2012:

  • Brønnøysundregistra
  • Skattedirektoratet
  • Kartverket
  • Difi
  • NAV
  • Helsedirektoratet
  • Direktoratet for e-helse
  • Lånekassa
  • SSB
  • KS/KommIT
  • Arkivverket
  • Politidirektoratet

Merknader

  • Frå opphavleg mandat er Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet (FAD)/fornyingsministeren endra til Kommunal- og moderniserings-departementet (KMD) / kommunal- og moderniseringsministeren i 2013.
  • Arkivverket medlem frå april 2015.
  • Direktoratet for e-helse medlem frå desember 2015.

 

Last ned

Publisert: 18. mar 2016, Sist endra: 22. nov 2017

Sharethis

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Vi leser alt, men du blir anonymisert og vi kan derfor ikke svare deg. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*