Skate-møte 16. oktober 2019 – referat

Det tredje ordinære Skate-møtet i 2019 vart halde 16. oktober. På agendaen stod Skate sine råd til nasjonal strategi for kunstig intelligens, status og vegen vidare for handlingsplan for digitaliseringsstrategien for regjeringa, deling av data - frå planlegging til gjennomføring og til slutt endringar som følgje av ny digitaliseringsminister.

Publisert: 05. nov 2019, Sist endra: 05. des 2019

Referat frå Skate-møte 16. oktober 2019

Strategisk samarbeidsråd for styring og koordinering av tenester i e-forvaltning

Møtestad: Difi, Grev Wedels plass 9. Møterom 2015, 2.etg
Møtetid: 09:00–11:30

Deltaking

Medlemmar av Skate

- Steffen Sutorius, Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
- Lars Peder Brekk, Brønnøysundregistrene (BR)
- Christine Bergland, Direktoratet for e-helse (eHelse)
- Jørn Leonhardsen pva Hans Christian Holte, Skattedirektoratet (SKD)
- Anne Cathrine Frøstrup, Statens kartverk (Kartverket)
- Kristin Weidemann Wieland, KS
- Arild Sundberg, Oslo Kommune
- Jonas Slørdahl Skjærpe pva Sigrun Vågeng, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
- Nina Schanke Funnemark, Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen)
- Inga Bolstad, Arkivverket
- Roar Olsen, Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning)

Bisitjarar

- Øyvind Akerhaugen, Arkivverket
- Lise Karlsen, BR
- Norunn Saure, eHelse
- Olav Petter Aarrestad, Kartverket
- Ingunn Cowan, Lånekassen
- Håkon Tverrli, NAV
- Inger-Mari Ouren, SKD
- Ingrid Melve, Unit
- Astrid Øksenvåg, KS
- Torgeir Strypet, Difi
- Grete Orderud, Difi
- Knut Bjørgaas, Difi

Sekretariat

- Jan Sørgård, Difi
- Karete Hvidsten, Difi

I tillegg møtte

- Katarina de Brisis, KMD (observatør – heile møtet)
- Christine Hafskjold, KMD, sak 16/19
- Tone Hagberg Olsen, Difi, sak 17/19

Saksliste

Faste saker

  • Godkjenning agenda
  • Godkjenning referat fra Skate-møte 13.6.2019
    Difi/Steffen Sutorius

Saker til behandling

  • 16/19 Nasjonal strategi for kunstig intelligens – Råd frå Skate
    Kommunal- og moderniseringsdepartementet/Christine Hafskjold
  • 17/19 Handlingsplan for digitaliseringsstrategien frå regjeringa – Status i arbeidet og vegen vidare
    Difi/Knut Bjørgaas
  • 18/19 Deling av data – Frå planleggingsfase til gjennomføring
    Difi/Steffen Sutorius
  • 19/19 Endringar som følgje av ny digitaliseringsminister – Oppfølging etter møtet med digitaliseringsministeren
    Difi/Steffen Sutorius

Orienteringssaker

Eventuelt

 

Faste saker

Godkjenning av agenda 16.10.2019

Agendaen vart godkjent.

Godkjenning av referat frå 13.6.2019

Referatet vart godkjent.

Det kom ynskjer om at forslag til sak frå Datatilsynet om erfaringar med GDPR vert sett på Skate sin agenda snarast. Difi vil fylgje opp dette.

Saker til behandling

16/19 Nasjonal strategi for kunstig intelligens – Råd frå Skate

Kommunal- og moderniseringsdepartementet/Christine Hafskjold

Utsende sakspapir før møtet

  • Saksframlegg - Strategi kunstig intelligens
  • Vedlegg u.off. - Diskusjonsnotat kunstig intelligens

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

  • Sak 16-19 Presentasjon - Strategi kunstig intelligens

Saka gjeld – Behandlingssak

Like etter utvidinga av regjeringa i januar 2019 sette digitaliseringsministeren i gang arbeidet med ein nasjonal strategi for kunstig intelligens. KMD har leia arbeidet. Det har vore gjennomført ein open prosess med ei rekkje innspelmøter. Interessentar har også kunne sende skriftlege innspel i prosessen. Planen er at strategien skal være ferdig i løpet av 2019.

KMD er nå i innspurten av arbeidet, og ønskjer Skate sitt innspel til konkrete problemstillingar og forslag til tiltak.

Råd frå Skate som oppsummert i møtet

  • Bra at vi får ein nasjonal strategi for kunstig intelligens
  • Viktig med ein god definisjon av kva kunstig intelligens er - Nyanser forventningar innanfor denne definisjonen
  • Ein del element ved den danske strategien er bra. Dei har:
    - Identifisert fem nasjonale datasett som er spesielt viktige for KI
    - Peika på nokre signaturprosjekt som får tilleggsoppdrag om å dele sin erfaring
  • Finn gode «use case» som kan realiserast – Unngå for mykje fokus på «proof of concept»
  • Det bør bli tydelegare korleis verksemdene i offentleg sektor skal medverke med sin kompetanse
  • KS ønsker ei tettare involvering i strategien – Må ha innsikt for å gje gode innspel
  • Forskingsinnsatsen på området bør også rettast mot offentleg sektor
  • Ansvarleg og påliteleg bruk av KI er viktig
  • Også forvaltningsavgjerder fatta ved hjelp av KI må kunne forklares
  • Innovasjon
    - Sandkasse for å kunne teste løysingar basert på KI på «ufarleg vis» i samarbeid med Datatilsynet
    - Rettleiingar og kompetanse må gjerast tilgjengeleg på tvers av verksemdene
    - Jobbe saman på tvers av verksemder for å utnytte kvar andre sin kompetanse
  • Deling av data prosjektet bør ha data til KI som eitt av sine innsatsområde
  • Tilgang til andre data enn dei sektoren sjølv har er ein føresetnad for KI
  • Erfaringar frå dei som i dag nyttar KI ut mot brukar må gjerast tilgjengeleg for fleire
  • Vi er eit lite land – Regjeringa bør vurdere å sette i gang arbeidet med en norsk «språkmotor»
  • Kompetanse – Alle kan ikkje ha all kompetanse sjølv. Det betyr at vi må samarbeide på tvers
  • Viktig at relevant regelverk, f.eks. forvaltningslova og arkivlova, understøtter KI
  • Det bør ikkje etablerast eit eige tilsyn for KI-området. Fleire har allereie dekkjande tilsynsansvar. Men det vil være behov for å styrke kompetansen også her.

Vedtak

  • KMD vert oppfordra til å ta omsyn til råda frå Skate i det vidare arbeidet med strategien
  • Skate-verksemder kan sende innspel som ikkje kom fram i møtet til KMD innan utgangen av veke 43

17/19 Handlingsplan for digitaliseringsstrategien frå regjeringa – Status i arbeidet og vegen vidare

Difi/Knut Bjørgaas

Utsende sakspapir før møtet

  • Saksframlegg - Handlingsplan digitaliseringsstrategien frå regjeringa

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

  • Sak 17-19 Presentasjon - Handlingsplan regjeringens digitaliseringsstrategi

Saka gjeld – Behandlingssak

I juni 2019 la digitaliseringsminister Nikolai Astrup frem regjeringa sin digitaliseringsstrategi for offentleg sektor. Difi har i sitt tildelingsbrev fått i oppdrag å lage ein handlingsplan for oppfølging av strategien. I Skate 13.6.19 var det semje om at Skate skal følge opp arbeidet med utforming av handlingsplanen i dei to neste Skate-møta og Skates arbeidsutval (AU) involverast i utforminga. Difi har arbeidd tett saman med AU om saka og har hatt jevnlig dialog med KMD. Status frå AU så langt er:

  1. AU ser dei 7 livshendingane som drivarar for dei andre innsatsområda, «regjeringa vil» -punkta og andre initiativ som skal prioriterast i handlingsplanen.
  2. AU anbefaler å velje ut nokre livshendingar (fyrtårn) som skal gje innsikt og erfaringsoverføring til utvikling av øvrige livshendingar. Arbeidet bør starte i 2020.
  3. Handlingsplanen for 2020 må og bestå av initiativ som er viktige føresetnader for å få på plass livshendingane, eks. rammeverk, metodikk, lov- og regelverksendringar m.m.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Veldig einig i anbefalingane frå AU. Klokt med «fyrtårn»-tilnærminga på livshendingane
  • Må få på plass og ta i bruk metodikk som sikrar einsarta utvikling av livshendingane. Skate har allereie fått utført arbeid på området
  • Dei understøttande tiltaka må ikkje nedprioriterast. Dei har breiare nytte enn berre dei sju livshendingane
  • Prinsippa strategien trekkjer opp må bli førande for prioriteringane i alle sektorar og verksemder og ikkje noko berre KMD arbeider med
  • Viktig å sikre at verksemdene vert følgd opp av eige departement også for bidrag som ikkje er høgt prioritert innan eigen sektor isolert sett
  • KMD må utfordrast på at det blir tydelege prioriteringar. Styring må setjast tydeleg i fokus
  • Finansiering av eigarskap, forvaltning og drift er umodent og må løysast. Finansieringa understøtter ikkje i dag det vi ønsker og den dreg oss i feil retning
  • Ein heilskapleg felles arkitektur må sikrast
  • Innebygd arkiv som Arkivverket arbeider med er viktig i livshendingane. Det skal sikre rettstryggleik og at ein er etterretteleg i eit langtidsperspektiv.

Vedtak

  • Skate tek til orientering status i arbeidet og ber Difi og AU leggje vekt på Skate sine tilbakemeldingar i dette møtet.

18/19 Deling av data – Frå planleggingsfase til gjennomføring

Difi/Steffen Sutorius

Utsende sakspapir før møtet

  • Saksframlegg - Deling av data

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

  • Sak 18-19 Presentasjon - Deling av data

Saka gjeld – Behandlingssak

Prosjektet har vore forankra i Difi sin tverrgåande digitaliseringsstrategi. Området er no også sentralt i regjeringa sin digitaliseringsstrategi og prosjektet vil inngå i handlingsplanen til den.
Prosjektet gjorde ferdig ei konseptvalutgreiing for deling av data i 2018. I dialog med meir enn 200 offentlege og private verksemder i inn- og utland vurderte prosjektet kva som skal til for å auke deling og bruk av data. Konseptfasen for Deling av data vart sluttbehandla (Sak 21/18) i Skate-møte 5.12.2018. Prosjektet har no utarbeidd eit styringsdokument som er breitt forankra på tvers av Skate-verksemdene og andre aktørar i offentleg og privat sektor.
Prosjektet vil arbeide smidig og trinnvis med å oppnå måla i regjeringa sin digitaliseringsstrategi om auka deling av data og verdiskaping. Effektmål, organisering og ei overordna skisse til gjennomføringsplan går fram av saksframlegget til Skate.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Ein god presentasjon og gode presiseringar
  • Fornuftige tiltak
  • Positivt med ei innretning som skal understøtte livshendingane i regjeringa sin digitaliseringsstrategi
  • Vi kjem til å ha behov for å dele meir data på tvers og vi treng ein felles infrastruktur. Som prosjektplan forstår vi dette som ei første skisse og utgangspunkt. Arbeidet i starten må handle mykje om å få betre kompetanse og forståing av området. Så får Skate være aktive i å komme med gode forslag undervegs i prosessen.
  • Ei konkretisering er neste steg. Deretter vil Difi ta saka til Skate sitt arbeidsutval. Det er lagt opp til ei smidig tilnærming så styringsdokumentasjonen er ikkje statisk
  • Finansiering er viktig. Den gir rammer for prioritering. Når vi veit meir om finansiering kan Skate prioritere betre
  • Deling av data medfører at data vert samla inn og brukt til nye formål – analyse, nye vedtak, behov, utviklingstrekk mv. Personvernforordninga stiller ein del krav om kva prosessar ein må igjennom. Dette er ikkje nemnt i sakspapira og må tydeleggjerast og føljast opp.
  • Når arbeidet er konkretisert meir saman med juristar har Difi tenkt å ta kontakt med Datatilsynet
  • Regjeringa har i budsjettforslaget til statsbudsjett 2020 foreslått 10 mill. kroner til Digitaliseringsdirektoratet sitt arbeid med deling av data.

Vedtak

  • Skate gjev si tilslutning til framlagt skisse til plan
  • Planen vert konkretisert seinare i Skate sit arbeidsutval (AU) og ved behov i Skate når finansiering blir klarare
  • Prosjekteigar Difi tek Skate sine innspel med i det vidare arbeidet.

19/19 Endringar som følgje av ny digitaliseringsminister – Oppfølging etter møtet med digitaliseringsministeren

Difi/Steffen Sutorius

Utsende sakspapir før møtet

  • Saksframlegg - Endringar som følgje av ny digitaliseringsminister. Oppfølgingssak

Saka gjeld – Behandlingssak

Det har vore gjennomført ei evaluering av Skate. Evalueringsrapporten vart gjennomgått på Skate sin fagdag 8. mai. Den seier blant anna at «Skate-medlemmene er opptatt av å se en helhet i digitaliseringen og sikre samarbeid på tvers av sektorene» og «alle medlemmene ønsker at Skate skal bli en betydelig drivkraft for operasjonalisering av regjeringens nye digitaliseringsstrategi».
I forlenginga av dette vart det gjennomført eit møte mellom statsråd Astrup og Skate-direktørane 18.9.19. Skate-direktørane gjekk der gjennom korleis deira verksemd kan bidra til realisering av regjeringa sin digitaliseringsstrategi. På bakgrunn av møtet med digitaliseringsministeren var det lagt opp til ei drøfting i Skate i denne saka med hovudvekt på kva refleksjonar Skate gjer seg etter møtet med ministeren.

Oppsummering av refleksjonar

  • Glad for at vi fekk til møtet.
  • Opplevde møtet som veldig positivt. Vi mobiliserte godt internt basert på spørsmåla vi fekk i forkant. Vi fekk større merksemd om digitaliseringsstrategien internt, som direkte konsekvens av møtet. Trur det er sunt at vi kjem tilbake til problemstillingane gjentekne gonger.
  • Det var veldig interessant å høyre direktørkollegaer orientere seg på en kortfatta måte om korleis deira etat kan bidra inn i digitaliseringsstrategien.
  • Avgrensa kva ein får tid til på ein time. Det vart ikkje nok tid til at vi fekk til ein dialog og eit godt svar på statsråden sine forventingar til oss.
  • Kan vi få til fleire tilsvarande arenaer? Vi ønsker at digitaliseringsministeren skal lukkast. Det er derfor viktig at vi tenker gjennom korleis vi kan få til ein arena med statsråden som han også opplever som relevant med meir konsentrerte diskusjonstema der vi kan få refleksjonane hans
  • Kanskje vi frå Skate kunne få til fellesbodskap vi i fellesskap kan løfte til ministeren i ein vidare dialog?
  • Vi fekk høve til å seie kva vi bidreg med og digitaliseringsstrategien er på sett og vis svaret. Digitaliseringsministeren må være veldig tydeleg på hovudinnretninga
  • Tiltaka i strategien krev finansiering og det er ei stor utfordring
  • Ministeren har gitt signal om at han ønsker å være tettare på digitaliseringsdirektoratet. Då blir det ein kanal til Skate.

Vedtak

  • Difi summerer opp refleksjonane og arbeider vidare med ynskja om vidare dialog med statsråden

Orienteringssaker

1) Kunnskapsgrunnlag - Digital postkasse til innbyggjar og digitaliseringsrundskrivet

Difi/Steffen Sutorius

Ved innspel til endringar i Digitaliseringsrundskrivet anbefalte Difi til KMD, i år som i fjor, at det ikkje lenger skulle være obligatorisk for verksemdene å bruke digital postkasse til innbyggjar dersom dei hadde anna eigna informasjonssystem. Dette i samsvar med råd frå Skate. KMD bad i haust om eit utvida kunnskapsgrunnlag til si vurdering. Skate-verksemdene medverka i utarbeidinga via Skate sitt arbeidsutval (AU) før kunnskapsgrunnlaget vart sendt KMD. Difi står fast på si anbefaling til KMD om at bruken av postkassa ikkje lenger skal være obligatorisk. Kunnskapsgrunnlaget er delt med Skate-verksemdene via AU og ligg også på Difi sine internett-sider.

2) Status Digitaliseringsdirektoratet

Difi/Steffen Sutorius

På siste Skate-møte informerte vi om at to avdelingar i Difi, «Utredning og analyse» og «Ledelse", skulle overførast frå Difi til DFØ frå 1.1.2020. Det er no tatt ei avgjerd om at også «Avdeling for offentlige anskaffelser» skal overførast til DFØ. Det skjer først frå 1.9.2020. Resten av Difi inngår i nytt digitaliseringsdirektorat. Når det gjelder Digitaliseringsdirektoratet, Brønnøysundregistrene og Altinn var det litt diskusjon om arbeidsområdet informasjonsforvaltning. Det er no tatt ei avgjerd om følgjande:

  • Digitaliseringsdirektoratet skal frå 1.1.2020 ha nasjonalt ansvar og premissgjevarrolla for informasjonsforvaltningsområdet, inkludert ansvaret for Felles datakatalog og tilhøyrande katalogar
  • Seks årsverk innan området blir igjen i BR med hovudfokus på "Orden i eige hus" og forvaltning og tilgjengeleggjering av etaten sine registerdata. Åtte årsverk vert overført til Digitaliseringsdirektoratet

Eventuelt

Det var ingen saker under eventuelt.

Møtet vart avslutta kl. 11:25.

Sharethis