Revisjonsnotat 2015

Gjev din kommentar til revisjonsnotatet!

Publisert: 15. okt 2015, Sist endret: 28. mar 2017

Dette er eit utkast til revisjonsnotat hausten 2015. I notatet blir alle bruksområda frå referansekatalogen gjennomgått for å vurdere om det er behov for revisjon eller ikkje.

Vi ber om tilbakemelding på rapporten og spesielt på desse punkta:

  • Er du samd i revisjonsbehova som er skildra for bruksområda?
  • Ser du andre revisjonsbehov for desse bruksområda?
  • Meiner du at det er revisjonsbehov for andre bruksområde frå referansekatalogen?

Vi tek mot alle kommentarar til rapporten, ikkje berre på punkta over. Korte kommentarar kan leggjast inn i kommentarfeltet under. Lengre kommentarar og formelle førespurnader kan sendast på e-post til  kristian.bergem@difi.no. Tilbakemeldingar må kome innan 6. november 2015. Rapporten og kommentarar vil bli handsama på neste møte i Standardiseringsrådet, som blir halde den 12. november.

Deldette