Standard for begrepsbeskrivelse

Difi har laga eit forslag til ein «Standard for begrepsbeskrivelse», og foreslår å ta han inn i referansekatalogen som ein tilrådd standard.

Publisert: 02. feb 2012, Sist endra: 30. jan 2018

Kva går arbeidet ut på?

Difi har utarbeidd eit forslag til ein standard for korleis omgrep skal beskrivast:«Standard for begrepsbeskrivelse». Den tilhøyrande utgreiinga beskriv kva behov standarden skal dekkje, og gjer greie for prosessen fram til forslaget og dei vurderingar og val som er gjorde i arbeidet med standarden.

Difi foreslår at standarden blir teken inn i referansekatalogen som ein tilrådd standard.

Kvifor er dette viktig?

Data må beskrivast for å kunne brukast. I arbeidet med «Nasjonal strategi for metadata» var det difor semje om å prioritere arbeidet med å leggje til rette for omgrepsbeskrivingar. I første omgang ville ein fokusere på omgrep knytte til data (t.d. «adresse», «inntekt») og beskrive desse på ein måte som forklarer tydinga av omgrepet og gjer det enklare å bruke på nytt. Beskrivingane skal kunne brukast på tvers av oppgåver (sakshandsaming, publikumsinformasjon, regelverksutvikling, tenester på nett osb.) og gi interne og eksterne brukarar høve til å vurdere om spesifikke data (med tilhøyrande omgrep) kan brukast på nytt i ulike samanhengar. Dette går ut frå t.d. definisjon av omgrep og referanse til kjelda for definisjonen.

I samband med Standardiseringsrådets handsaming av «Utredning om egnede standarder for definisjonsarbeid i offentlig sektor» i møtet 16. mars 2010 gav standardiseringssekretariatet ei eiga tilråding i tillegg til dei i utgreiinga: «Resultatet [...] skal også inkludere en konkretisering av hvordan et begrep defineres/beskrives, f.eks. hvilke metadata som skal med i beskrivelsen. Beskrivelsen skal være så konkret at den er enkel å bruke i praksis.»

Kva offentlege føretak gjeld området/problemstillinga for?

Betre omgrepsbruk og betre dokumentasjon av omgrepsbruken vil vere ein fordel for alle offentlege føretak. Jo meir samhandling eit føretak har med andre, enten andre offentlege føretak eller innbyggjarar eller bedrifter, jo viktigare er det at omgrepsbruken er konsistent og gjennomtenkt. «Standard for begrepsbeskrivelse» er eit steg i retning av å sikre betre dokumentasjon av omgrepsbruk, som igjen kan skape grunnlag for å betre omgrepsbruken.

Følg saksgangen her:

Standardiseringsrådet tilrår "Standard for begrepsbeskrivelse 1.0"

Behandlet i 1. standardiseringsrådsmøte 2012

Behandlet i 2. standardiseringsrådsmøte 2012

Høyring - Standard for begrepsbeskrivelse

Sharethis