Universell utforming av ikt

Universell utforming betyr at brukarane – uavhengig av sine føresetnader – på ein god og enkel måte kan ta i bruk både nettsider og automatar som dei møter i kvardagen. Dette er pålagt gjennom forskrift om universell utforming av ikt-løysingar.

Universell utforming av ikt gjeld nettløysingar og sjølvbeteningsautomatar.

  • Nettløysing omfattar alle typar nettstader, sosiale medium, mobilversjonar av nettstadar og mobilapplikasjonar som må laste ned oppdatert informasjon over internett for å fungere.
  • Ein automat legg til rette for sjølvbetening. Det finst mange ulike automatar, til dømes minibank, billettautomat, innsjekkingsautomat på flyplass og betalingsterminalar.

Kva er universell utforming, og kvifor er det viktig? Sjå filmen og få eit innblikk på under to minutt.

 

Ein obligatorisk standard skal følgjast med mindre du fell inn under ei unntaksordning i forskrift.
Anbefalte standardar skal nyttast med mindre du har gode grunnar til å la vere.

Nettløysingar skal vere utforma i samsvar med suksesskriteria i "Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0 (NS-ISO/IEC40500:2012)", på nivå A og AA. Unnateke er suksesskriterium 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som gjeld multimediainnhald.

På grunn av EU sitt webdirektiv vil det kome oppdaterte krav til nettløysingar i 2018. For oppdatert informasjon, følg med på tilsynet sine nettsider "uu.difi.no".

Automatar skal vere utforma i samsvar med dei ti standardane som er lista opp i forskrifta om krav til automatar.

Utover krava i forskrifta anbefaler vi å utforme nettløysingar i samsvar med alle suksesskriteria i WCAG 2.0.

Hjemmel

Forskrift om universell utforming av ikt-løsninger (lovdata.no) - sjå lenkesliste nedanfor.

Både private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar må følgje forskrifta. For at reglane skal gjelde, må verksemda ha ein nettstad, applikasjon eller automat (ikt-løysing) som

  • er retta mot innbyggjarar eller kundar i Norge (allmenheten)
  • vert brukt til å informere eller tilby tenester (hovudløysing)

Nye ikt-løysingar skal vere universelt utforma i tråd med krava frå 1. juli 2014.

Nettstader, applikasjonar og automatar som er eigenutvikla eller kjøpt 1. juli 2014 eller seinare, er alltid ny ikt. Det avgjerande er dato på intern kravspesifikasjon eller dato for kontraktsignering. Endringar av ei eksisterande ikt-løysing etter 1. juli 2014 kan føre til at den blir vurdert som ny IKT.

For nye ikt-løysingar i grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning, gjeld krava frå 1. januar 2019.

Alle ikt-løysingar, inkludert eksisterande løysingar, skal vere universelt utforma innan 1. januar 2021.

Tilsyn for universell utforming av ikt i Difi kontrollerer om verksemder følger regelverket. Du kan lese meir om regelverket på tilsynet sin nettstad, sjå nedanfor.

Fordelar med å nytte standarden

I løpet av livet treng dei fleste av oss god utforming.

  • Vi treff ikkje like godt med hendene – fleire av oss har dårlegare syn når vi er 40 enn då vi var 20.
  • Vi kan alle få ei mellombels funksjonsnedsetting med til dømes senebetennelse eller ein brekt arm.
  • Andre gonger kan det vere ein situasjon der og då som gjer at du opplev ei hindring.

Med universell utforming kan du likevel

  • lese nettaviser eller betale rekningar i nettbanken dersom ei nettside er utforma slik at du kan bruke tastatur i staden for mus
  • lett finne, nå fram til og bruke automaten
  • lese på nettbrettet ditt i sola, om kontrasten er god

Universell utforming sikrar

  • gode, enkle, tilgjengelege løysingar
  • like demokratiske rettar
  • lik tilgang på informasjon
  • lik moglegheit til å bruke digitale tenester uansett livssituasjon

Rettleiingar

Informasjon om regelverket og korleis du kan teste og oppfylle krava, finn du på nettstaden til Tilsyn for universell utforming av ikt i Difi' - sjå nedanfor.

Aktuell standard

Sjå nedanfor.

Publisert: 30. okt 2015, Sist endra: 16. apr 2018

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*