NIFS-møte 15. februar 2017

NIFS-spøkelse

Tema for NIFS-møtet i februar er universell utforming og informasjonssikkerheit.

Publisert: 24. jan 2017, Sist endret: 24. apr 2017

Tilsynet for universell utforming av IKT i Difi har ansvaret for å handsame forskrift om universell utforming av IKT-løysingar. Kompetansemiljøet for informasjonssikkerhet i Difi arbeider for ei styrka og meir heilskapleg tilnærming til informasjonssikkerheit i statsforvaltninga.

Då reglane for universell utforming vart vedtekne var eit av spørsmåla korleis krava til universell utforming ville utfordre krava til informasjonssikkerheit, til dømes korleis robotfeller (typisk kodebilete/«captcha»-løysingar) kan vareta krava til universell utforming. No har krava verka nokre år. Korleis har det gått, kva er utfordrande i dag?

Blindeforbundet, Tilsynet for universell utforming av IKT og Kompetansemiljøet for informasjonssikkerhet vil kome med innlegg på møtet, og det blir ei gruppeoppgåve der vi skal snakke om erfaringar verksemdene har på dette området.

Martha Eike frå Datatilsynet vil avslutte med eit innlegg om den nye personvernforordninga og skytenester.

E-post med lenke for påmelding til møtet er sendt ut til dei som står på NIFS-lista.

 

Deldette

Kontakt