Nynorske rollekort til dilemmatreninga

dilemmatrening skrå

No finn du rollekorta til dilemmatreninga på nynorsk målføre

Publisert: 23. feb 2017, Sist endra: 10. jun 2019

Mange verksemder har utfordringar med å få dei tilsette til å forstå krav til informasjonssikkerheit. Vi i Difi har utforma ei dilemmatrening som skal bidra til å skape refleksjon blant dei tilsette. Til dilemmatreninga høyrer det med fleire dilemma og eit sett med rollekort. Nokre av dilemma er på nynorsk og no er også eit sett med rollekort på nynorsk.

Du kan laste ned dei nynorske rollekorta frå Dilemmatrening - informasjonssikkerhet, sjå i lista med ekstramateriale.

Hugs at offentlege verksemder kan få dilemmatreninga tilsendt utan kostnader, ta kontakt med infosikkerhet@difi.no.

Sharethis

Kontakt