Innhold

Arbeidet vårt

Illustrasjon samfunnsfloker som må løses på nye måter

For å kunne fylle rolla som kompetansemiljø på ein best mogleg måte, og for å finne ut av korleis Difi kan gjere ein forskjell, er vi opptekne av å skaffe oss kunnskap. Ved hjelp av systemorientert design som metode, kartlegg vi behov, erfaringar, gode døme og annan relevant kunnskap om innovasjon i offentleg sektor.

Kunnskap, behov og gode relasjonar

Det skjer alt veldig mykje på dette feltet, særleg rundt i kommunane, og det sit mykje nyttig kompetanse og erfaring rundt omkring både i offentleg sektor, i private innovasjonsmiljø og i akademia. Denne kompetansen og desse røynslene vil vi trekkje med oss vidare i arbeidet.

Workshop med kommunesektoren
 
 

Vi har hatt fleire møte og intervju med aktuelle aktørar i og utanfor offentleg sektor. Vi har mellom anna hatt workshopar med utvalde kommunar og statlege etatar, som har delt sine innovasjonshistorier. Vi har også hatt workshop og møte med sentrale aktørar innanfor innovasjonsfeltet, som Innovasjon Norge, NHO, Husbanken, Helsedirektoratet, fylkesmennene, Distriktssenteret med fleire. Vi har møtt akademiske miljø som tilbyd utdanning og kompetanseheving innanfor innovasjonsfaget, og vi har kontakt og samarbeid med KS og andre aktørar som alt er godt etablerte i innovasjonsarbeidet i offentleg sektor.

Det beste frå utlandet

Vi har også sett utanfor Noregs grenser for å lære av andre. Det skjer mykje på innovasjon i offentleg sektor i Europa, og ikkje minst i Skandinavia. Vi har difor vore i kontakt med og har kunnskap om det arbeidet som mellom anna Danmark gjer. Vi har besøkt deira nyoppretta «Center for offentlig innovation» (COI), i tillegg til innovasjonsmiljø som «Mind Lab» og «Midt Lab». Vi har også henta kunnskap frå Roskilde universitet i Danmark, Vinnova i Sverige, Nesta i Storbritannia, for å nemne nokon.

Møteplassar og nettverk

I det vidare arbeidet ønskjer vi også å samle endå meir innsikt om kva som skjer i kommunane, korleis dei jobbar med innovasjon, kva som hemmar og kva som fremjar osv. Det same skal vi halde fram å gjere i statlege verksemder. Ein er også der nyfikne og interesserte i kva ein kan oppnå gjennom innovasjon og samarbeid.

I arbeidet vil vi også tilby nokre møteplassar for kommunar og statlege verksemder som er interesserte i innovasjon og som vil dele erfaringar, lære av kvarandre og skape nettverk. Her på nettsida vil vi leggje ut informasjon om dei opne arrangementa vi inviterer til.

Ein treng heller ikkje å byrje heilt på nytt eller lage alt sjølv. Vi vil også vere til stades på dei arenaane som alt finst, og vere ein del av dei nettverka som alt er etablerte. Mellom anna deltek vi på Arendalskonferansen, og vi er med i innovasjonsalliansen, som er etablert av KS.

Ta kontakt!

Har du tips eller innspel til arbeidet vårt? Ei god innovasjonshistorie frå arbeidsplassen din? Del med oss, og hjelp oss å dele med andre. Ta kontakt!

Sist endret: 
11. mar 2016

Deldette

Om oppdraget

Difi har fått i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet å etablere eit kompetansemiljø for innovasjon i stat og kommune, med hovudvekt på kommunesektoren. Vi har som mål å ta rolla som pådrivar for innovasjon i offentleg sektor.

Det er tre oppgåver som vert tillagt særskild vekt i oppdraget:

  • At Difi bidreg til at innovasjonsmetodar vert kjende i kommunane
  • At Difi legg til rette for erfaringsdeling frå innovasjonsprosessar, som kommunane kan dra nytte av.
  • At det vert etablert fysiske og digitale møteplassar for innovasjon i kommunane.

Kalender

Hva vi gjør

Se vår oversikt over møter vi har deltatt på, presentasjoner vi har holdt og samarbeid som vi deltar i.

Kontakt

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*