Arendal kommune: Idékonkurranse for nyskapande tiltak

Deltakerne på idékonkurransen får rådgivning

I starten av februar vart eldsjeler i Arendal kommune samla saman til ein workshop for å støtte opp under innovasjonskrafta på grasrotnivå i kommunen. Premien frå Innovasjonsprisen 2014 var lokkemiddel. Målet var oppmuntring og støtte til nyskapande initiativ, samt rettleiing og økonomisk prosjektstøtte.

Publisert: 29. mar 2015, Sist endra: 04. mar 2019

I kjølvatnet av innovasjonsprisen 2014

Om prosjektet

Kommune: Arendal

Løysingstype: Rådgivning og idékonkurranse

Behovsområde: Intraprenørskap/Idéutvikling

Start: Haust 2014

Slutt: Vår 2015

Kontakt: Anne Cathrine Haugland

Innovasjonsprisen for 2014 vart tildelt Arendal kommune. Her kan du sjå utdeling av sjølve prisen. Premiepotten på 500 000 kroner valte Arendal kommune å bruke på sin eigen interne idékonkurranse. Ved å arrangere ein intern idékonkurranse ønskte formannskapet i Arendal at «prispengane skal brukast til å oppmuntre og støtte nyskapande initiativ inklusiv innkjøp av aktuell prosesstøtte.» Samtidig ville dette vere ein god måte for kommunen å finne ut av kva som rører seg av idéar og intraprenørar på grasrotnivå i kommunen. Dei som sat på gode innovative idéar kunne derfor søke om støtte på opptil 100 000 kroner samtidig som både vinnarar og dei som ikkje nådde heilt opp ville få rettleiing og støtte til sitt vidare arbeid.

Endring er vanskeleg

Det å få til endring er vanskeleg. Det er vanleg for oss menneske å motsette oss endringar og ønske ei oppretthalding av status quo. Samtidig har vi dei menneska som går motstraums, dei som ønsker forandring og som er villige til å kjempe for det. Dei vert ofte kaldt eldsjeler og dei arbeider hardt for å endre kommunale tilbod til det betre for brukarane. I kommunal sektor er dei ofte på grasrotnivå der dei står i ein spesiell posisjon, inne i den kommunale strukturen, men samtidig svært nær brukarane av dei kommunale tilboda. Dei har nær kjennskap til både brukarar og kommunen, og har idéar for korleis det kommunale tilbodet kan utviklast til det betre.

Arendal kommune har sett viktigheita i å legge til rette for eldsjeler i eigen kommune. Viss dei ikkje får støtte og merksemd rundt sakene sine kan dei forsvinne og glimrande idéar går tapt. Arendal kallar desse eldsjelene for intraprenørar og med prispengane frå 2014 ønsker dei å rette fokuset på dei.

Thomas Berman fra SoCentral inspirerte deltakerne.

Thomas Berman fra SoCentral inspirerte deltakarane.

 

Fysiske møteplassar

På workshopen i Arendal fekk intraprenørane coaching av Thomas Berman, fra SoCentral. Han ga dei ei rekkje verktøy for korleis dei kunne slå gjennom med idéane sine. Dette handla om å engasjere andre for idéen sin, å kople seg opp mot eit større nettverk der fleire intraprenørar kunne finne samarbeid og det å øve seg på å "sleppe" prosjektet sitt slik at andre kan ta del i det. Intraprenørane som deltok på workshopen hadde stort sett ikkje høyrt om kvarandre før. For at andre skal la seg engasjere og ta del i ein innovasjon er det nødvendig å ha kunnskap i å presentere idéen sin kortfatta og presist. I ei øving fekk derfor deltakarane 60 sekunder på å presentere idéen sin for andre. Slik fekk representantar frå kommunen og dei andre deltakarane eit raskt innblikk i kva som rørte seg av intraprenørar i Arendal kommune. Ein av deltakarane vektla behovet for samarbeid på tvers av disiplinane. Ein annan av deltakarane ønska å kopiere ei eksisterande og fungerande løysing. Presentasjonsrunden vart beskriven som eit tilbod der dei andre deltakarane vart bedt opp til dans.

Deltakerne på idékonkurransen får rådgivning av Thomas Berman

Deltakarane på idékonkurransen er samla til ein rådgivingsrunde med Thomas Berman

Foto: Difi

Etter at intraprenørane fekk innsikt i prosjekta til kvarandre vart dei så samla saman i tettare klynger. Mange innovatørar går med idéar som er like eller som er stilt ovanfor dei same problemstillingane. På denne workshopen viste det seg at intraprenørane i Arendal ikkje var noko unntak. Fleire hadde idear innan same fagområde eller innan dei same tenestene. Viktigheita av samarbeid kan derfor vanskeleg underdrivast. Sannsynet for å få gjennomslag for ein idé er langt større om ein er fleire som trekker i same retning. Dette avheng av at ein veit om kvarandre. Fysiske møteplassar kan hjelpe innovatørar med å finne saman og slik styrke det innovative miljøet som ofte er til stades.

Innovatørar må snakke saman

Ei anna viktig erfaring mange gjorde seg under denne workshopen var behovet for samarbeid på tvers av fagdisiplinar. Det vart fort tydeleg at intraprenørane kunne ha behov for hjelp frå andre fagområde i kommunen. Viss ein fagdisiplin ønsker å formidle ein bodskap via barn vert det fort klart at dei kanskje kunne ha samarbeida med pedagogar i kommunen.

Arendal kommune er eit godt døme på ein måte å bruke innovasjonspremien på og på korleis ein kan støtte opp under innovasjon i eigen kommune. Endring startar først når folk snakkar saman, når kreative eldsjeler vert samla og dei får støtte ovanfrå i kommunen. Innovatørar er ofte einsame, men dei lukkast også sjeldan åleine.

Kontakt

Vil du høyre meir om idékonkurransen og korleis Arendal kommune jobbar med innovasjon? Ta kontakt med Anne Cathrine Haugland, leiar for innovasjonseininga i Arendal kommune.

Sharethis

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut