Larvik kommune: Tjenesteshop - brukarstyring av tenester

Larvik kommune oppdaga at fleire unge personar som brukte kommunens heimetenestetilbod ga uttrykk for at det burde ha vore ein meir brukartilpassa måte å bestille heimetenester på. Kommunen følgde opp innspelet og med det starta innovasjonsarbeidet som vart Tjenesteshop; ein bestillingsportal av heimetenester som set brukarane i stand til å leve livet slik dei sjølv ønsker det.

Om prosjektet

Kommune: Larvik

Løysingstype: Digitalisering

Behovsområde: Velferd

Start: 2013

Slutt: I gang

Kontakt: Anne Kathrine Kvelle

Behov

Ideen bak Tjenesteshop kom til då Larvik kommune skulle samlokalisere unge menneske med nedsett funksjonshevne i ein ny bustad.

I samtale med brukarane oppdaga kommunen at dei unge menneska ønskte seg ein meir fleksibel og brukarstyrt heimeteneste enn dei hadde frå før.

Avdelingsleiar Marius Brygge tok til seg innspelet og begynte konseptutviklinga for korleis bestilling av heimetenester kunne forbetrast.

Prosess

Då kommunen begynte arbeidet, var det ikkje klart kva det faktiske behovet var. Til å begynne med drodla kommunen rundt ulike papirversjonar av kalendrar som kunne brukast for bestilling av tenester frå veke til veke. Dette førte ikkje fram og kommunen forstod at dei måtte tenke heilt nytt. Dei tok utgangspunkt i eksisterande teknologi, og utnytta denne på ein ny måte. Resultatet vart ein app for bestilling av heimetenester.

Då det vart klart kva det eigentlege behovet var, forstod kommunen at de måtte tenke helt nytt

Arbeidet med å utvikle ein pilot av Tjenesteshop gjekk rekordfort. Tidleg hausten 2013 var den første versjonen klar for testing. Nasjonale føringar, som mellom anna St. Meld 29 (2012-2013) Morgendagens omsorg med si vektlegging av å setje tenestemottakarar i førarsetet av eige liv, og auka brukarstyring, styrka kommunens ønske om å gjennomføre prøving av løysinga i større skala. Omfanget av prosjektet vaks og kommunen sette i gang ei større utprøving av Tjenesteshop, mot større og fleire brukargrupper.

Løysing

Brukere av tjenesteshop kan selv velge dag og tidspunkt for når de vil motta hjemmetjenester

Foto: Larvik kommune

 

Tjenesteshop er ein nettbasert kalender- og bestillarfunksjon der tenestemottakarar kan bestille kommunale tenester til det tidspunktet som passar dei.

Tjenesteshop er ikkje ny teknologi, men det er eksisterande teknologi tatt i bruk på nye måtar. Løysinga tar brukarane på alvor og gjer kommunen i stand til å hjelpe meir ved å gjere mindre. Dette er ressurseffektivt for kommunen samtidig som det det gir brukarane tenestene dei ønsker når dei ønsker det. Brukarane er no i større grad i stand til å leve livet slik dei sjølv ønsker det.

Effekt

Brukere av tjenesteshop kan selv velge dag og tidspunkt for når de vil motta hjemmetjenester

Foto: Larvik kommune

 

Sjølv om det er litt tidleg å måle kva konkrete effektar Tjenesteshop har gitt, er det tydeleg at brukarane no opplever auka fleksibilitet i sitt tenestetilbod.

Det er brukarane som bestemmer når dei skal ta imot heimetenester, og kommunen må tilpasse seg dei, ikkje motsett.

Dette gir brukarane auka fridom og moglegheit for eit meir fleksibelt privatliv. Telemarksforskning er kopla på prosjektet for å studere og dokumentere kva verdiar Tjenesteshop gir.

Larvik kommune har laget en video der de presenterer Tjenesteshop. Videoen kan du se på youtube ved å følge denne lenken: Tjenesteshop, Larvik kommune

Skalering

Tjenesteshop starta i liten skala, men har heile tida vakse i omfang. Prosjektet arbeider no for å utvide talet på brukargrupper. Helse og omsorg i Larvik kommune har meldt interesse for å kople Tjenesteshop på privat avlastningstiltak for barn, korttidsopphald på sjukeheim for eldre og reingjeringsoppdrag i kommunen.

Trondheim kommune har starta planlegginga av eit pilotprosjekt med Tjenesteshop retta mot reingjeringsoppdrag innanfor helse og omsorg. Samtidig utforskar kommunen om det er mogleg å ta i bruk Tjenesteshop for andre tenester også.

Erfaringar

Prosjektet har tatt lærdom av kor lang tid det kan ta med anskaffing av teknologi og utvikling, og at det går lang tid før løysinga er klar til å testast ut i drift. Det at anskaffing og teknologiutvikling tok lang tid, utløyste store forseinkingar i prosjektet. Dette ga prosjektet utfordringar med å halde brukarar og tilsette i involverte avdelingar «varme», og det skapte utålmodigheit blant dei som ønskte å ta i bruk løysinga.

Kontakt

Vil du lære meir om «Tjenesteshop – brukerstyring av tjenester» eller andre innovasjonsprosjekt i Larvik kommune kan du kontakte Anne Kathrine Kvelle: anne.kathrine.kvelle@larvik.kommune.no

Publisert: 30. aug 2017, Sist endra: 25. jun 2018

Sharethis

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut