Nøtterøy kommune: Helsehus for framtida

Smidsrød helsehus

For å levere eit framtidsretta tilbod til innbyggarane, ønska Nøtterøy kommune å samle alle førebyggande tenester under eitt tak. Hausten 2013 sto det nye Smidsrød helsehus klart til innflytting.

Publisert: 02. des 2014, Sist endra: 13. okt 2017

Behov

Om prosjektet

Kommune: Nøtterøy

Løysingstype: Tenestetilbud

Behovsområde: Velferd

Start: 2009

Slutt: 2013

Kontakt: Anita Archer

For å møte nokre av framtidas utfordringar med fleire eldre, jobba Nøtterøy kommune ut i frå ei målsetting om at færre skal ha behov for helse og omsorgstenester. Med «Fremtidens helsehus» ville dei derfor samle det meste av førebyggande tiltak under eitt tak, og skape eit tettare samarbeid mellom fastlege, heimetenesta og helsehuset.

Prosess og metode

I 2009 vedtok kommunestyret at eit nytt sjukehus skulle byggast på Smidsrød etter helsehusmodell. Det vart sett ned ei prosjektgruppe som starta med å gå gjennom alle helse- og omsorgstilbod i Nøtterøy kommune og vurderte desse opp imot dei helsemessige utfordringane i framtida. Det var eit godt samarbeid internt og eksternt med entreprenørar og arkitektar i heile byggeprosessen, og brukarane har vore involverte heile vegen. Ut frå dette vart det laga gode kravspesifikasjonar for det nye helsetilbodet.

I utviklinga av det nye helsetilbodet, har kommunen jobba ut frå dei tre N-ar: Nytt, Nyttig og Nyttiggjort. Prosjektet har vore godt forankra hos dei tilsette og leiargruppa, og også hos rådmann og ordførar. Det har skapt eit handlingsrom der tillit og motivasjon har vore viktige element for å skape ein god innovasjonskultur. I prosjektgruppa har det også vore med ein person som har fungert som ein «omsettar», og sørga for at alle involverte aktørar har hatt ei felles forståing i prosjektet.

Nøtterøy kommune har også samarbeida med Tjøme og Stokke kommune. Desse kommunane bruker også deler av tilboda ved Smidsrød helsehus.

Løysing

«Læring og meistring» - visjonen for helsehuset.

Smidsrød helsehus er ope for alle over 18 år, men vert i dag primært brukt av dei eldre frå 75 år og oppover. Helsehuset har i dag 80 plasser og består av ei lindrande eining, intermediær eining, kommunale akutte døgnplassar (KAD-senger), rullering/korttid og rehabilitering. Personar med demens er plassert i eit eige hus.

I tillegg til fleire typar avdelingar, er også eit legesenter med kommunalt tilsette fastlegar dagsenter/dagrehabilitering, sjukepleiarklinikk, Friskliv, Frivilligsentral, Sjølyst eldresenter og sentralkjøkken alt samla på Smidsrød. Sjukepleiarklinikken er oppretta etter inspirasjon frå Sundhedshusene i København. Dette er tenkt som eit lågterskeltilbod der brukarane sjølv må kome seg til klinikken for enkelt helsestell. Desse oppgåvene har tidlegare vore gjort av heimesjukepleia eller fastlegen heime hos pasienten. I nasjonal samanheng er dette tiltaket heilt nytt, og førebels i ein tidleg oppstartsfase.

Det var ønske om at helsehuset ikkje skulle opplevast som ein sjukeheim. Med støtte frå kommune og eit tilskot frå Kunst i offentlege rom (KORO) , har dei brukt konsulentar til utforming og utsmykking av alle rom. Resultatet er eit friskt og moderne helsehus med fargar, kunst og utsmykking i alle avdelingar.

Organisering

For å skape eit heilskapleg og godt tenestetilbod til pasientane, har Smidsrød helsehus satsa på tverrfaglege team i avdelingane. Helsehuset har faggrupper som lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiarar og vernepleiarar som jobbar saman om å tilby eit godt og variert behandlingstilbod.

Velferdsteknologi

Det er mykje ny teknologi implementert i helsehuset. Dette har til hensikt å skape ein god og trygg kvardag for den einskilde bebuar. Det er i dag installert eit sjukesignal som fungerer som eit pasientvarslingssystem. Med ein sensor installert på dør og ved seng, får dei tilsette eit varsel på telefonen når ein pasient er på vandring. Helsehuset inneheld også anna teknologi som optiske sensorar, døralarmar, trådlaust nett, TV-signal via datanettet og opning av inngangsdør via mobiltelefon.

«Gaming for eldre»

Teknologi vert også brukt til rehabilitering av dei eldre. Ved hjelp av eit tv-spel vert de eldre engasjert til ein aktiv og sosial form for mosjon. Helsehuset har også eit nytt aktivitetstilbod på gang i samarbeid med Røde Kors, der dei vil tilby sykkeltrening med filmar frå turstiar i nærmiljøet på storskjerm.

Effekt

Det har ein stor meirverdi for innbyggarane at så mange tenester er samla på ein stad, og med ein tverrfagleg kompetanse i helsehuset gir dette kortare kommunikasjonslinjer og ein betre avgjerdsprosess. Med ein slik nærleik til ulik fagkompetanse, får pasienten også i større grad påverke og medverke eige behandlingsforløp. Med fleire førebyggande tiltak i helsehuset, kan også kommunen gjere økonomiske innsparingar ved at ein unngår gjentatt innlegging og overliggardøgn av pasientar på sjukehuset.

Spreiing

Smidsrød helsehus har vore i drift eit års tid, men har allereie hatt fleire besøk frå ulike kommunar og organisasjonar frå heile landet samt helseminister Bent Høie. Smidsrød helsehus er aktive i vidareformidlinga av bruk og deltaking av helsehuset, og deler gjerne erfaringar frå prosessen. Det primære samarbeidet er med dei omkringliggande kommunane Tjøme, Stokke og Tønsberg. Saman jobbar dei kontinuerleg med forbetring og utviding av til dømes Sykepleierklinikken.

Nøtterøy kommune er mellom anna først ute med utviklinga av eit sjuke- og pasientvarslingssystem. Med fleire ulike utfordringar i utviklingsprosessen har dei ikkje fått ut den fulle effekten av dette systemet enno, men prosjektet har eit mål om å vere ferdig til jul. Nøtterøy deler gjerne desse erfaringane med andre kommunar som vurderer å utvikle liknande løysingar. Dei jobbar samtidig også med fleire innovative prosjekt, mellom anna med å teste ut eit golv som registrerer fall hos pasientar (smartfloor) og ein «giraff» som kan skape sosial kontakt i heimen ved hjelp av ein skjerm.

Erfaringer

"Opplæring er nøkkelen til suksess"

Erfaringar knytt til utviklinga av «Fremtidens helsehus» så langt, er at ting tar tid. Først no, etter nesten eit år i drift, føler dei at ting har gått seg til. Derfor er det viktig med tydeleg kommunikasjon frå leiinga om at dei har tillit, tolmod og eit ønske om å få dette til. Utan desse faktorane til stades har prosjekt lett for å bryte ned. Derfor er innovasjon ein ønskt tilnærmingsmåte i kommunen for å løyse utfordringar og skape gode helsetenester til innbyggarane.

"Ha eit sikkerheitsnett. Ny teknikk feilar, så ha alltid noko å falle tilbake til"

I ein innovasjonskultur er det viktig at alle er med, og ein brei tverrfaglegheit kan vere ein katalysator for å tenke innovativt. Å skape rom for å prøve og tenke nytt er avgjerande for at motivasjonen og drivkrafta er til stades blant leiarar og tilsette.

"La brukarar, fagmiljøa og leverandørar kome med ideane. Det er ikkje alltid leiaren veit best"

Kontakt

Vil vite meir om løysingane eller kome på besøk? Ta kontakt med Anita Archer, leiar Smidsrød helsehus: Anita.Archer@notteroy.kommune.no

Sharethis

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut