Oslo kommune: Gravefrie tilkoplingar

Korleis kan ei offentleg verksemd vere pådrivar for teknologiutvikling? Oslo kommune ved Vann- og avløpsetaten har eit behov som dei trur kan løysast ved at teknologi frå olje- og gassektoren vert tilpassa bruk innan vatn- og avløpssektoren. Gjennom dialog med leverandørmarknaden og offentlege anskaffingar har dei verktøy som kan sette prosessar i gang.

Publisert: 20. nov 2014, Sist endra: 11. okt 2017

Behov

Om prosjektet

Kommune: Oslo

Løysingstype: Teknologi og innovativ anskaffing

Behovsområde: Renovasjon, vatn- og avløp

Start: 2014

Slutt: I gang

Kontakt: Steinar A. Nilo

Oslo kommune ved Vann- og avløpsetaten (VAV) vil utfordre marknaden til å utvikle metodar for gravefrie tilkoplingar frå hus til hovudvassleidning.

Prosess

Oslo kommune ser store økonomiske, samfunnsøkonomiske og miljømessige gevinstar i å få tilgang til ei løysing som gjer at vassleidninga frå eit hus kan koplast til hovudvassleidning, utan at det trengst graving. VAV har tankar om at behovet kan dekkast til dømes ved bruk av verktøyrobot og boring, men er også opne for at det finst andre løysingsalternativ. VAVs undersøkingar viser at dei teknologiske elementa som gjer gravefri tilkopling mogleg finst, men den har ikkje vore kombinert på ein slik måte at det mogleggjer gravefri tilkopling frå hus til hovudvassleidning. Sannsynlegvis vil løysinga bygge på ein kombinasjon av teknologiar frå ulike bransjar.

VAV har ikkje ønske om eigarinteresser i teknologiske løysingar, men har som føremål å vere pådrivar for eit utviklingsarbeid som kan føre til at behovet vert dekt. Løysinga skal vere nøytral, og skal kunne brukast av alle entreprenørar.

For å stimulere til utvikling av teknologi som kan løyse behovet har VAV gjennomført ulike dialogaktivitetar med leverandørmarknaden.

Ein måte å få fram løysingsforslag på er ei før-kommersiell anskaffing. Denne konkurranseforma opnar for innovasjon. Gjennom samarbeid og dialog kan VAV og leverandørar saman utvikle dei beste løysingane. Anskaffinga vert delt i fire ulike fasar, og ender i ei vanleg kommersiell anskaffing.

Støtte gjennom Innovasjon Norge

Alle norske verksemder som deltar i konkurransen vil ha moglegheit til å søke støtte via Innovasjon Norge. NoDigChallenge-prosjektet samarbeider med Innovasjon Norge for å integrere OFU-ordninga i konkurransen slik at søknadsprosessen for støtte skal verte forenkla.

Kommunane gjennomfører prosjektet i samarbeid med Norsk Vann (NV) og Scandinavian Society for Trenchless Technology (SSTT). I tillegg hjelper Nasjonalt program for leverandørutvikling kommunen.

Løsning

Prosjektet er i gang og har ikkje kome fram til ei løysing enno.

Effekt

VAVs erfaringsmessige talmateriale frå tradisjonell graving for tilkopling frå hus til hovudvassleidning viser at ei gravefri løysing vil kunne oppnå økonomiske innsparingar på ca. 40 prosent. Dette kjem i tillegg til innspart arbeidstid som også utgjer ca. 40 prosent. I tillegg til dei økonomiske innsparingane vil ei ny gravefri løysing kunne bidra positivt til miljø og samfunn.

For leverandørmarknaden vil dette kunne bety nye marknadsmoglegheiter ved at teknologien kan brukast på ein ny sektor.

Skalering

Behovet for ei gravefri løysing for tilkopling frå hus til hovudvassleidning er ikkje unikt for VAV. Behovet for tilsvarande løysingar vil vere til stades i store delar av Noregs kommunar og utanfor landets grenser.

Erfaringer

Det er til stor hjelp å få bistand frå Nasjonalt program for leverandørutvikling dersom det er første gong verksemda gjennomfører ei innovativ anskaffing. Programmet har også regionale representantar som kan kontaktast for bistand. Sjå www.leverandorutvikling.no for meir info.

Kontakt

Det er også mogleg å ta kontakt med prosjektleiar Steinar A. Nilo for å høyre meir om kva erfaringar VAV har frå prosjektet.

Sharethis

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut