Sandnes kommune: Elektronisk økonomiplan

Sandnes kommune: Innbyggere 74000

Sandnes kommune har laga ein elektronisk versjon av kommunens økonomiplan. Den nye løysinga er presis, kortfatta og brukarvennleg med fokus på det viktigaste. Løysinga er også lett å overføre til andre planar internt i kommunen, og kommunar som er interesserte i å ta i bruk liknande løysingar.

Behov

Om prosjektet

Kommune: Sandnes kommune

Løysingstype: Digitalisering

Behovsområde: Digitalisering

Start: 2014

Slutt: 2015

Kontakt: Torunn Nilsen

Økonomiplanen er avgjerande for kommunens framtidige prioriteringar og satsing. Samtidig har ikkje økonomiplanen vore særleg tilgjengeleg. Den har tidlegare vorte presentert som eit omfattande PDF-dokument på heimesida til kommunen, og vorten trykt opp i papirversjon til politikarar og andre interesserte. I tillegg har rådmannen halde presentasjonar for politikarar, leiarar og media.

Det er mange som har interesse for å setje seg inn i innhaldet, mellom anna politikarar, leiarar og medarbeidarar, næringsliv og innbyggarar. I Sandnes kommune var det behov for å presentere økonomiplanen på ein ny måte som gjorde innhaldet meir tilgjengeleg for fleire, og meir brukarvennleg. Mange brukte lang tid på å finne fram til dei ulike delane av økonomiplanen. Administrasjonen brukte også mykje tid på å presentere planen, ofte med den same presentasjonen i ulike fora. Kommunen såg at her kunne dei spare tid.

Prosess

Det tok tid å utvikle ein elektronisk økonomiplan. Den elektroniske økonomiplanen skulle byggast inn i den eksisterande nettløysinga til kommunen, men det var behov for tilpassingar. Samtidig måtte det gjerast noko med tilgjengelegheita. Designet på den elektroniske økonomiplanen vart gjort responsivt slik at økonomiplanen vart lettare tilgjengeleg på alle plattformar. Økonomiplanen vart også gjort meir interaktiv og lettare forståeleg. Organisasjonen måtte også kursast i å skrive for nett.

Løysinga vart implementert ved offentleggjeringa av økonomiplan 2015-2018. I ettertid har det vore enno meir fokus på det tekstlege. Tilsette arbeider no med tekstane til kvarandre, og fleire har gjennomført skrivekurs.

Løysing

 
 

Sandnes kommune har laga ein elektronisk økonomiplan som er tilgjengeleg på heimesida til kommunen. I den elektroniske versjonen er det utstrekt bruk av lenker til relevante saker, rapportar, statsbudsjett og inntektssystem, og det er brukt «opne-lukke-boksar» med tilleggsinformasjon til dei som vil sette seg grundigare inn i materialet. Den elektroniske økonomiplanen er tilgjengeleg på, og tilpassar seg automatisk, pc, telefon og nettbrett.

I tillegg til den elektroniske økonomiplanen så vert det også publisert ein film av rådmannen sin presentasjon av økonomiplanen på kommunens nettside saman med lysarka frå presentasjonen.

Effekt

Samtidig som den nye løysinga har gitt ei stor forbetring i administrasjonens arbeidsmåte, skal ikkje den demokratiske effekten av ein elektronisk økonomiplan undervurderast. Det vert opplevd som mykje lettare å finne fram i den elektroniske økonomiplanen, og ein må ikkje lenger bere med seg den omfattande rapporten. Sandnes kommune har også spart kostnadar til trykking.

Etter overgangen til elektronisk økonomiplan har Sandnes kommune fått positive tilbakemeldingar frå politikarar, innbyggarar og næringsliv, der dei beskriv den nye presentasjonen som nyttig. Tilbakemeldingane stadfestar samtidig at den nye løysinga er nyttiggjort.

Skalering

Løysinga kan spreiast både internt og eksternt. I 2015 vart løysinga med elektronisk økonomiplan, og den nye arbeidsmåten, implementert i fleire av Sandnes kommune sine planar. Sandnes kommune har også vorte kontakta av fleire kommunar som no arbeider med liknande presentasjonsformer, og leverandøren av heimesida melder om stor interesse for tilsvarande løysingar.

Kontakt

Vil du vite meir om Sandnes kommune sin elektroniske økonomiplan, ta kontakt med Torunn Nilsen: torunn.nilsen@sandnes.kommune.no

Publisert: 21. mar 2016, Sist endra: 01. nov 2017

Sharethis

Prøv selv ut økonomiplanene til Sandnes

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut