Sarpsborg kommune: Tømmekalender

Sarpsborg kommune har utvikla ein digital tømmekalender som gjer det lettare for innbyggarane å halde oversikt over når ulike typar avfall vert henta.

Publisert: 11. okt 2014, Sist endra: 10. okt 2017

Behov

Om prosjektet

Kommune: Sarpsborg kommune

Løsningstype: Digitalisering

Behovsområde: Renovasjon, vatn- og avløp

Start: 2012

Slutt: 2014

Kontakt: Eva Rekin

Sarpsborg kommune hadde tidlegare ein tømmekalender i papirform, som viste når ulike typar avfall skulle hentast hos dei forskjellige husstandane. Kommunen ønska å utvikle ein meir brukarvennleg, enklare og framtidsretta tømmekalender for innbyggarane.

Prosess

Sarpsborg kommune undersøkte kva som fanst på marknaden, men fann ikkje det dei var ute etter. I samarbeid med ein lokal aktør, Wespire AS, utvikla dei ei skreddarsydd løysing etter kommunens behov.

Løysning

Den digitale tømmekalenderen vart lansert i oktober 2013, og vert i dag brukt av ein stor del av innbyggarane i kommunen. Den digitale løysinga består av ein app, ei nettside med adressesøk og sms-varsling. I tømmekalenderen finn innbyggarane informasjon om neste henting for ulike typar avfall, og informasjon om returpunkt og miljøanlegg. Dei kan også registrere seg for å verte varsla dagen før neste henting. Bakgrunnen for at det er utvikla fleire tenester er at ikkje alle innbyggarane i kommunen har smarttelefonar. Derfor er det i tillegg til appen utvikla ei nettside der innbyggarane kan gjere adressesøk og ei sms-varslingstjeneste. I tillegg kan innbyggarar som ikkje er «digitale» få tilsendt tømmekalender i papirform.

Effekt

Løysinga er vorten godt mottatt blant innbyggarane i kommunen. Informasjon om avfallshandtering er vorten meir tilgjengeleg, og innbyggarane tykkjer det er nyttig å få påminning om henting på sms eller via app. I tillegg har arbeidsprosessane internt i kommunen vorte forenkla ved at nye tømmeruter kan leggast rett inn i appen. Den nye løysinga er også billigare enn den gamle papirversjonen, og vil på sikt redusere talet på publikumsførespurnader, ettersom informasjonen er lettare tilgjengeleg på nett.

Kontakt

Sarpsborg kommune ønsker å dele si erfaring med andre kommunar som er interesserte i løysinga. Kontakt Eva Rekin, rådgivar og ansvarleg for tømmekalender: ere@sarpsborg.kommune.no

Les meir om prosjektet på Sarpsborg kommune sine nettsider her.

Sharethis

6 Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut

Kommentarar

dette var kjempeinteressant!

hvorfor fjerne noe som var enkelt-bedre å ansette flere og gjøre enkle ting komplisert.
Typisk S.borg komm

Det liker jeg ikke, synes det er mye bedre med papirutgave.

fikk beskjed at jeg måtte kildesortere og søppel blei ikke hentet,har alt i plastposer knytt igjen og er fortsatt ikke hentet....rolighetsveien 18.....er blant annet rekeskall i en pose og bør hentes

Din melding er videresendt Sarpsborg Kommune. Mvh Linda Meskestad/ Difi

Kalender for renvasjon