18 søkarar til Innovasjonsprisen 2017

Den 2. mars var det klart at 18 kommunar hadde søkt om årets innovasjonspris med totalt 33 døme på offentleg innovasjon. Alle nivå er representert blant årets søkarar, både fylkeskommunar, kommunar og bydelar har søkt om årets pris.

Juryens vurdering av årets søknadar

Årets søknadar vitnar om at det skjer mykje godt innovasjonsarbeid i kommune-Noreg og at mange kommunar er i startfasen med å utvikle eigne innovasjonsstrategiar. Det er også eit par søknadar her som kan vise til radikale innovasjonar, kanskje i enno større grad enn tidlegare år. Vi har fleire sterke kandidatar, så juryen får nok nokre morosame «slåsskampar» før vi kan annonsere vinnaren av Innovasjonsprisen 2017, seier juryleiar Katinka Greve Leiner.

Juryen diskuterte engasjert årets søknader

Foto: Difi

Frå venstre: Katinka Greve Leiner (juryleiar), Fredrik Danker Monsen (sekretariat), Rolf Rønning (jury) og Une Tangen (jury).

Juryen merka seg trass dette at det samla kvalitetsnivået på søknadane verker noko lågare enn i fjor. Årets søkjarar er flinke til å beskrive heilskap, men det er ikkje mange som snakkar om løysingane ut frå ståstaden til innbyggarane. – Vi kjenner til fleire kommunar som burde søkt om Innovasjonsprisen 2017 men ikkje ligg i bunken sjølv om dei kunne gjort det veldig bra i kampen om årets premie på 500 000 kroner, fortel juryen.

Juryen nominerer tre kommunar til Innovasjonsprisen 2017

I byrjinga av april vert det andre jurymøtet halde, der juryen skal kome fram til tre nominerte kommunar og vinnaren av Innovasjonsprisen 2017. Difi vil i etterkant av møtet offentleggjere dei tre nominerte kommunane til Innovasjonsprisen 2017.

Søknadar til Innovasjonsprisen 2017

Last ned

Publisert: 13. mar 2017, Sist endret: 09. okt 2017

Deldette

Kontakt

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.