Innovasjonspris til Asker kommune

Asker kommune vinner innovasjonsprisen 2017

Asker kommune fekk kommunesektorens innovasjonspris for gode innovasjonsresultat og sitt samskapings- og investeringsperspektiv i innbyggaren. Horten og Oppegård kommunar var også nominerte til prisen og fekk heiderleg omtale for sitt innovasjonsarbeid.

Publisert: 08. jun 2017, Sist endra: 07. feb 2018

På biletet over ser vi (f.v.) statssekretær Paul Chaffey, rådmann Lars Henrik Bøhler (Oppegård), rådmann Lars Bjerke (Asker) og ordførar Are Karlsen (Horten).

Asker kommune vart tildelt prisen på 500.000 kroner for sitt heilskaplege arbeid over tid med å bygge ein kultur for innovasjon. Dette arbeidet har gitt resultat på tvers i kommunen i form av nye tenester og nye arbeidsmetodar, og Asker tar utgangspunkt i brukarane sine behov når dei utviklar tenester. Horten og Oppegård kommune var også nominerte til innovasjonsprisen for å vere i front i kommunesektoren med sitt innovasjonsarbeid.

Kommunal- og moderniseringsdepartementets (KMD) innovasjonspris vart delt ut av statssekretær Paul Chaffey og juryleiar Katinka Greve Leiner på Fremtidens kommuner 2017 - Arendalskonferansen torsdag 15. juni. Dette er fjerde året prisen vert delt ut og i følge juryen vitnar 18 søknadar og 33 prosjekt om mykje godt innovasjonsarbeid i kommune-Noreg.

Asker kommune i front med radikal innbyggardialog

Asker kommune vinner innovasjonsprisen 2017
 
 

Innovasjonsprisen 2017 går til Asker kommune for gode innovasjonsresultat og sitt samskaping- og investeringsperspektiv i innbyggarane. Juryen løfta fram Velferdslaben og Løsningsjakten på Borgen som radikale og spennande innovasjonar innanfor kommunal brukardialog.

I prosjekta Velferdslaben og Løsningsjakten på Borgen trekk Asker kommune fram ressursane som sit i lokalsamfunnet og innbyggarane, - ressursar som sit hos dei vi i utgangspunktet tenker treng hjelp. Det at Asker ser på innbyggarane som ein ressurs og vel å investere i dei, imponerte juryen. For dette samskaping- og investeringsperspektivet, og ikkje minst gode innovasjonsresultat, meinte juryen at Asker kommune var ein verdig vinnar av Innovasjonsprisen 2017.

Ros til Horten og Oppegård

Asker hadde konkurranse av Horten og Oppegård kommune i finalen.

Horten kommune finalist til Innovasjonsprisen 2017
 
 

Horten kommune fekk skryt for si entreprenørånd og vilje til å tenke utradisjonelt i jakta på innovasjonar. Juryen løfta spesielt fram HOPP - Helsefremmende oppvekst og Spider - rute og arbeidsplanlegging i hjemmetjenesten som gode offentlege innovasjonar. HOPP er eit prosjekt som vart initiert av medarbeidarane i Horten kommune og som no har fått full forankring på topp i kommunen. Horten kommune arbeider ikkje berre for å utvikle HOPP i eigen kommune, men også for å spreie prosjektet til andre kommunar. Juryen løfta også fram Spider som ein god offentleg innovasjon og som eit døme til etterfølging.

Oppegård kommune finalist til Innovasjonsprisen 2017
 
 

Oppegård kommune imponerte juryen med prosjekta Felles innsats overfor språklige minoriteter og Kultur for endring. Oppegård kommune våger å angripe etablerte siloar med tverrfagleg samarbeid og nye innovative arbeidsmetodar. Med fokus på å dele og spreie innovasjonar i kommunen har det kome opp heile 48 innovasjonsinitiativ som kommunen tar tak i og vidareutviklar til innovasjonar. Juryen løfta også fram integreringsarbeidet til Oppegård kommune som eit døme til etterfølging.

Filmklipp om dei nominerte kommunane

  •  

Sharethis

Om prisen

Innovasjonprisen er KMDs pris og skal inspirere til nyskapning og økt innovasjonskraft i hele kommunesketoren. Prisen skal gå til den kommunen som har satt innovative løsninger ut i livet og som baner vei for andre. Innovasjonsprisen 2017 ble delt ut på Arendalskonferansen 15. juni.

Juryen for Innovasjonsprisen 2017 består av:

Katinka Greve Leiner – direktør, Ferd Sosiale Entreprenør (Juryleder)

Rolf Rønning – professor, Senter for innovasjon i tjenesteyting – offentlig og privat, ved Høgskolen i Lillehammer

Une Tangen – seniorrådgiver innovasjon, KS

Kirsten Viga Skretting – spesialrådgiver innovasjon, Bærum kommune

Difi er sekretariat for juryen og vil sørge for den praktiske tilretteleggingen av arbeidet. Eventuelle spørsmål om prisen kan rettes til innovasjonspris@difi.no 

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut