Innovasjonspris til Bærum kommune

Bærum kommune får kommunesektorens innovasjonspris for sitt målretta og heilskaplege innovasjonsarbeid. Prisen vart delt ut på Arendalskonferansen torsdag 9. juni.

Bærum ligg langt framme med å involvere innbyggarane i tenesteutviklinga og gjer godt strategisk innovasjonsarbeid på leiarnivå. Bergen og Sarpsborg var også nominerte til prisen på 500 000,- kroner for sitt gode innovasjonsarbeid.

Kommunal og moderniseringsdepartementets innovasjonspris går til Bærum kommune for å ha jobba målretta og heilskapleg med innovasjon. Bærums innovasjonsarbeid har gitt gode resultat innan skule- og velferdssektoren. KMDs innovasjonspris vart delt ut av statssekretær Paul Chaffey og juryleder Katinka Greve Leiner på Arendalskonferansen torsdag 9. juni.

Foto: Difi

Stolte vinnarar frå Bærum kommune, representert ved (frå venstre) spesialrådgivar skule Christian Sørbye Larsen, direktør for strategi og utvikling Christian Skattum, rådgivar Kirsten Viga Skretting og rådmann Erik Kjelstadli

- Det er tredje året innovasjonsprisen vert delt ut, og ifølge juryen var det særs høgt nivå blant årets søkjarar. Eg meiner dette viser at norske kommunar både er villige til å tenke nytt, og ikkje minst er gode til å lære av ideane til kvarandre, seier Chaffey.

Langsiktig og målretta innovasjonsarbeid gir resultat

Bærum kommune har med innovasjonsstrategien "På vei mot morgendagens løsninger" etablert eit tydeleg og langsiktig mål som no gir resultat. I juryens grunngiving går det fram at Bærum kommune utviklar tenester med utgangspunkt i behova til brukarane. Det er tydeleg i prosjektet «Digital skolehverdag – nettbrett 1:1» der elevane sine behov, og meistringskjensle er viktig.

Kommunen er også langt framme med å ta i bruk ny teknologi i velferdstenestene. «Smart matleveranse i hjemmetjenesten» gjer eldre i stand til å bestille mat direkte frå stova, anten åleine eller saman med ein hjelpepleiar. Med «Felles kantinedrift med målgruppene minoritetsspråklige og utviklingshemmede» har kommunen klart å dekke brukarane og sine eigne behov med ei enkel innovativ løysing.

Det er mange kommunar som kan ha nytte av Bærums erfaringar og metodebruk, og juryen håper at Bærums innovasjonsarbeid kan virke inspirerande for andre og spreie seg i kommunesektoren.

Sterke finalistar med Bergen og Sarpsborg

Foto: Difi

Finalist Bergen kommune ved (frå venstre) spesialrådgivar Kolbjørn Akervold, dagleg leiar BIR Terje Strøm, Etatsjef Geir Haveraaen og fagdirektør Magnar Sekse

Bergen kommune har skapt ein offensiv innovasjonskultur. Kommunen søkte Innovasjonsprisen 2016 med prosjektet "Bossnettet". Dette er ein heilt ny måte å tenke avfall på, og i Bergen går no stadig større delar av avfallet i røyr under bakken. For å få dette systemet på plass har Bergen samarbeidd godt på tvers av sektorar, kommunegrenser, næringsliv og politikkområde. Bergen kommune får ros av juryen for djervskap og mot, og vilje til å dele sine erfaringar med andre kommunar. Sjølv om "Bossnettet" ikkje er ei løysing som er enkel å kopiere, så kan alle kommunar lære av Bergen og deira arbeid med "Bossnettet".

Foto: Difi

Finalist Sarpsborg kommune ved (frå venstre) rådgivar Frode Alne Bolin, rådmann Unni Skaar, ordførar Sindre Martinsen-Evje og kommunalsjef Pål Nilsen

Sarpsborg kommune imponerte juryen med spesielt godt arbeid innan innbyggardialog og struktur for å skape eit system for innovasjon. Kommunen søkte Innovasjonsprisen 2016 med prosjekta "Sarpedia", "Medisinske avstandsmålinger" og "Sarpsborgmodellen". Juryen vart imponert over "Sarpsborgsmodellen" som er ei teneste retta mot dei svakaste i samfunnet og som hindrar generasjonsoverføring av rus og psykiske lidingar. Kommunen går no aktivt inn for å behandle gravide kvinner med rus-historie eller psykisk historie samtidig som kommunen førebygger for barnet. Juryen berømmer Sarpsborg for arbeidet, og deira evne til samtidig å tenke på både mennesket og systemet.

Les meir om innovasjonsprisen i ei pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Filmklipp av dei nominerte kommunane

Publisert: 09. jun 2016, Sist endra: 08. jan 2018

Sharethis

Om prisen

Innovasjonprisen er KMDs pris og skal inspirere til nyskapning og økt innovasjonskraft i hele kommunesketoren. Prisen skal gå til den kommunen som har satt innovative løsninger ut i livet og som baner vei for andre. Innovasjonsprisen 2016 ble delt ut på Arendalskonferansen 9. juni.

Juryen for Innovasjonsprisen 2016 består av:

Katinka Greve Leiner – direktør, Ferd Sosiale Entreprenør (Juryleder)

Hege Egaas Røen – prosjektleder og skolefaglig rådgiver, Sandnes kommune

Rolf Rønning – professor, Senter for innovasjon i tjenesteyting – offentlig og privat, ved Høgskolen i Lillehammer

Une Tangen – rådgiver innovasjon, KS

Difi er sekretariat for juryen og vil sørge for den praktiske tilretteleggingen av arbeidet. Eventuelle spørsmål om prisen kan rettes til innovasjonspris@difi.no 

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut