Juryering av Innovasjonsprisen 2015

Den 8. april vart det første jurymøtet til årets innovasjonspris gjennomført. På møtet vart årets søknader diskutert ivrig, og juryen melder om at det er mange gode søknader. Dette trass i at Innovasjonsprisen 2015 fekk færre søknader i år enn i fjor.

Publisert: 10. apr 2015, Sist endra: 29. aug 2019
Juryen arbeider ivrig med årets søkere
 
 

Juryen, som er leia av Katinka Greve Leiner, fortel at det er mange gode søknader, med varierte og spanande prosjekt. Katinka fortel vidare at dette er eit kjempehøve for henne til å sjå kva som rører seg i det kommunale Noreg, og at dette gjev henne eit nytt perspektiv.

Juryen seier at det er noko spesielt med dei innovative kommunane, at det er noko med tankegangen.

- Vi ser at det er mange eldsjeler der ute som brenn for sakene sine. Somme kan gjerne bruke lang tid på å kome i gang, men det er fleire einskildindivid der ute som tør å gå ut i felten og gjere det.

- Det er tydeleg at søkarane til årets innovasjonspris har gjort mykje arbeid med innovasjon i kommunane, og vi ser alt resultata.

Juryen tykkjer det blir spanande å sjå korleis det går med årets søkjarar i tida framover. Innovasjonsarbeidet stoppar ikkje opp for innovatørane etter utdelinga av årets pris. Dette er eit pågåande arbeid, og det er mange «slag» som står att for innovatørane der ute. Håpet er at deltaking i innovasjonsprisen 2015 skal motivere og bidra til ytterlegare innovasjon i kommunane, seier juryen.

I slutten av april vil det andre og siste jurymøtet bli halde. Dei tre nominerte til årets innovasjonspris vil bli annonsert i byrjinga av mai, og Innovasjonsprisen 2015 blir delt ut på Arendalskonferansen den 12. juni.

Sharethis

Jury 2015

Juryen som skal vurdere søknadene, består av:

Katinka Greve Leiner – direktør, Ferd Sosiale Entreprenør (Juryleiar)

Anne Cathrine Haugland – einingsleiar, innovasjon og kompetanse, Arendal kommune

Rolf Rønning – professor, Senter for innovasjon i tenesteyting – offentleg og privat, ved Høgskolen i Lillehammer

Gustav Weiberg Aurdal – rådgjevar innovasjon, KS

Difi er sekretariat for juryen, og vil sørge for den praktiske tilrettelegginga av arbeidet. Sekretariatet blir leia av Sissel Kristin Hoel. Eventuelle spørsmål om prisen kan du rette til innovasjonspris@difi.no 

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut