Møteplassene til Innovasjonsprisen

Innovasjonsjam og workshop for auka innovasjonssamarbeid

Innovasjonsprisen er meir enn ei prisutdeling, innovasjonsprisen er ein møteplass for kommunane, ein som koplar innovatørar saman og aukar spreiinga av innovative arbeidsmåtar i kommunesektoren. Utover hausten etter prisutdelinga vert det derfor jobba aktivt med spreiingsarbeid og erfaringsdeling blant kommunane. Dette gjer vi ved

I månadsskiftet november/desember arrangerte Difi i samarbeid med Bærum og Sarpsborg kommune to møteplassar for offentleg innovasjon. Målet var å auke samarbeidet og innovasjonskrafta i kommunane, og inspirere til nyskaping ved å spreie dei gode ideane.

Bærum kommune sin ordførar Lisbeth Hammer Krog opna Innovasjonsjamen.

Foto: Difi

Bærum kommune sin ordførar Lisbeth Hammer Krog opna Innovasjonsjamen.

Korleis skape spenstige og dynamiske innovasjonskommunar?

Innovasjon vert skapt når vi opnar opp og inviterer andre inn. Fleirtalet av offentlege innovasjonar er eit resultat av samarbeid med eksterne aktørar som andre offentlege institusjonar, private verksemder og frivillige. Ved å samarbeide med fleire eksterne aktørar frå ulike sektorar bringar ein inn nye perspektiv og kunnskap i innovasjonsarbeidet. Dette aukar sannsynet for at ein angrip den riktige utfordringa på riktig måte/med riktig verktøy.

90 deltakere satt samlet i en stor ring i et åpent lokale. Samtalen og dagens tema var det viktigste.

Foto: Difi

Open Space metodikk set diskusjon og tema i fokus.

Bærum kommune ønskte å invitere inn kommunar, statlege aktørar, private verksemder og sosiale entreprenørar for å diskutere korleis skape meir spenstige og dynamiske innovasjonskommunar. Utgangspunktet deira er at komplekse samfunnsutfordringar vert løyste ved at dei som eig utfordringa kjem saman for å løyse den. Ved å se utfordringa frå alle dei forskjellige perspektiva kan ein få eit klart bilete av kva den består av.

Deltakerne stormet frem på gulvet for å skrive ned problemstillinger som skulle sette dagens agenda

Foto: Difi

Særs ivrige deltakarar sette sjølv agendaen med eigne problemstillingar

Problemstillinga «Korleis skape spenstige og dynamiske innovasjonskommunar» var vid. Det var fordi dei ønskte at deltakarane sjølv skulle ta med seg problemstillingar som var viktige for dei, men at temaet skulle vere felles. På møteplassen valte vi derfor å bruke Open Space metodikken som er godt tilpassa denne forma for opne problemstillingar og mangearta deltakarar.

Open Space metodikken er avhengig av dei riktige deltakarane for å fungere. Derfor valte Bærum å sende ut invitasjonar til kommunar med beskjed om at kommunen kunne invitere med seg éin person frå sitt eige nettverk utanfor kommunen. Dette gav ein møteplass med stort engasjement, gode diskusjonar og moglegheiter for å bygge nye nettverk.

Deltakerne satte seg i grupper for å diskutere egne problemstillinger

Foto: Difi

Deltakarane sette seg i grupper for å diskutere dei problemstillingane dei sjølv hadde valt.

Innovasjonsworkshop for betre kommunalt innovasjonssamarbeid

Difi, Sarpsborg og Fredrikstad ønsker velkommen til innovasjonsworkshop

Foto: Difi

Difi, Sarpsborg og Fredrikstad ønsker velkommen til innovasjonsworkshop.

Sarpsborg kommune ønskte å invitere inn til ein workshop for å styrke innovasjonssamarbeidet blant Østfoldkommunane. Innovasjonssamarbeidet med Fredrikstad kommune var allereie i gang, men dei ville ha med fleire kommunar. Sarpsborg og Fredrikstad kommune kom saman fram til at den mest fornuftige vegen vidare var å få med fleire kommunar i Østfold til å gå saman og skape eit miljø for innovasjon og nytenking.

Til workshopen valte Sarpsborg og Fredrikstad kommune å invitere Asker og Bærum kommune som har erfaring med å utvikle innovasjonsstrategiar, bygge innovasjonskultur og samarbeide i nettverk.

Bærum kommune forteller om sine erfaringer med å bygge opp en innovasjonskultur

Foto: Difi

Bærum kommune fortel om sine erfaringar med å bygge opp ein innovasjonskultur

Workshopen viste at eit kommunalt innovasjonssamarbeid er ein styrke for både små og store kommunar. Dei store kommunane har større ressursar, men snur seg langsomt. Dei mindre kommunane kan derimot snu seg fort og er derfor en ypparleg arena for å teste ut nye innovasjonar. Utfordringane store og små kommunar møter i kvardagen er i stor grad like, derfor tener alle kommunar på å spele på styrkane til kvarandre.

Asker kommune gav tips om hvordan man kan rigge en innovasjonsstrategi

Foto: Difi

Asker kommune gav tips om korleis ein kan rigge ein innovasjonsstrategi

 

Publisert: 13. des 2016, Sist endra: 04. jan 2018

Sharethis

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut