Nettverk for innovasjon

Deltakarane i nettverket samla til møte hos Toll og Avgiftsdirektoratet

Innovasjonsnettverket er ein arena der offentlege verksemder kan dele og utvikle ny kunnskap, drøfte aktuelle problemstillingar og finne moglegheiter for tverrsektorielt samarbeid.

Føremålet til nettverket er å bidra til å styrke innovasjonsarbeidet i offentleg sektor

  • Auke kunnskap hos deltakarane i nettverket og verksemdene deira om eige og andre sitt innovasjonsarbeid

  • Vurdere behov og bruksområde for innovasjon i offentleg sektor

  • Sjå på samanheng mellom rammevilkåra for offentleg sektor, prosessar, verktøy og innovasjonsprosessar

  • Fremme innovasjon og samarbeid på tvers av forvaltningsnivå og sektorar i offentleg sektor

Det er behov for tverrsektorielt samarbeid i offentleg sektor

Mindre inntekter og stadig større forventingar til offentlege tenester vil prege offentleg sektor i tida som kjem. Det er venta at offentleg sektor effektiviserer og samordnar seg, samtidig som fokuset på effekt og brukarbehov aukar. Mange offentlege tenester er samtidig sektorovergripande, og då kan sektorinndelinga opplevast som utfordrande.

Dette er utfordringar som ikkje åleine kan løysast gjennom å effektivisere tenester og prosessar. Vi må derfor tenke nytt og utvikle løysingar og arbeidsformer.

Deltakarane administrerer sjølv drifta av Innovasjonsnettverket

Etableringa og utviklinga av Innovasjonsnettverket har skjedd i samarbeid med sentrale statlege etatar. I 2013 inviterte NAV til ein diskusjon om innovasjon i offentleg sektor. Eit av initiativa som kom ut av dette møtet var å etablere eit nettverk for innovasjon i offentleg sektor. Til å begynne med hadde Difi rolla som fasilitator. I dag har nettverket eit felles eigarskap og det er deltakarane sjølv som er ansvarlege for den operative drifta. Innovasjonsnettverket består i dag av deltakarar frå 17 statlege verksemder i tillegg til Kommunesektorens Organisasjon.

Det er eit ønske om at nettverket skal vere av avgrensa storleik med faste deltakarar som dekker ulike delar av offentleg sektor. Nettverket vert derfor utvida ved behov og tar for tida ikkje inn nye deltakarar.

Deltakarane i Innovasjonsnettverket

  • Brønnøysundregistra
  • Direktoratet for forvaltning og IKT
  • Direktoratet for økonomistyring
  • Forskingsrådet
  • Helsedirektoratet
  • Husbanken
  • Innovasjon Noreg
  • Kommunesektorens organisasjon
  • Lånekassa
  • NAV
  • Politidirektoratet
  • Skatteetaten
  • Statens vegvesen
  • Toll- og avgiftsdirektoratet
  • Utdanningsdirektoratet
  • Utlendingsdirektoratet

Eit skapande nettverk

Deltakarane i innovasjonsnettverket har praktiske erfaringar med kva behova til dei forskjellige verksemdene er, og kor moglegheitene for innovasjonssamarbeid eksisterer. Dette utgangspunktet er sentralt i eit nettverk der deltakarane sine innovasjonssatsingar er særs varierande. Nettverksdeltakarane jobbar derfor strukturert med å fremme gode rammevilkår for innovasjon både internt, og på tvers av verksemdene.

Deltakarane vekslar på å arrangere nettverksmøte med tema og diskusjonar som ofte tar utgangspunkt i arrangørane sine eigne erfaringar. Tema som har vore vektlagt er styring, leiing, kultur og ulike tilnærmingsmåtar til innovasjon. I tillegg har relevante kompetansemiljø som teknologirådet med fleire gitt sine bidrag.

Publisert: 23. nov 2015, Sist endra: 19. jun 2018

Sharethis

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*