Tenestedesign fjernar tidstjuvar - rapport frå tre DIP-prosjekt

Gjennom arbeid i Designdrive innovasjonsprogram (DIP) har helsesektoren fjerna tidstjuvar. I november presenterte Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Norsk Design- og arkitektursenter (DOGA) erfaringane frå tre innovasjonsprosjekt som har brukt tenestedesign som metode.

Publisert: 31. mar 2017, Sist endra: 29. nov 2017

I rapporten "Fang tidstyven - Tre prosjekter fra offentlig sektor" (pdf) (bokmål) kan du lese meir om dei tre prosjekta:

  • Brukarbehov, organisering og ressursutnytting - Rokilde sjukeheim
  • Raskare til riktig hjelp for psykisk sjuke - Oslo Universitetssjukehus
  • Strukturar for brukarretting i ei offentleg verksemd - Sjukehuset Østfold  

Du kan også sjå video og laste ned presentasjonane frå seminaret der prosjekta vart lagt fram.

Les også meir om Designdrive innovasjonsprogram hos DOGA.

 

 

Sharethis

Designdrive innovasjonsprogram (DIP) i offentleg sektor

Hausten 2013 vart DIP-prosjektet «Hvis pasienten fikk bestemme» køyrt ved Oslo Universitetssjukehus. Prosjektet er no implementert og resultatet er at ventetida for brystkreftdiagnostikk har gått ned med 90 %. Dette prosjektet har vore med på skape interesse for DIP som program og for tenestedesign som innovasjonsverktøy, mellom anna hos Kommunal- og Moderniseringsdepartementet. Denne interessa utløyste eit eige tilskot på 2,4 millionar frå departementet til DIP ved inngangen til 2015. Støtta vart mottatt og forvalta av DOGA, og skulle brukast for å fremme prosjekt i offentleg sektor og i samsvar med KMD sitt Tidstjuvprosjekt. Dei tre prosjekta ved Oslo Universitetssjukehus, Rokilde sjukeheim og Sjukehuset Østfold er resultatet av denne støtta.

Kontakt