Metode for innovative anskaffingar

Skal du gjere innkjøp der behovet ikkje vert dekt gjennom å kjøpe meir av det du har kjøpt før? Metoden for innovative anskaffingar kan hjelpe deg.

Publisert: 08. jan 2015, Sist endra: 29. okt 2019

Tidleg samarbeid er nøkkelen

Dialog mellom innkjøpar, brukarar og leverandørar i planleggingsfasen må utnyttast for å identifisere nye og alternative løysingar. Innovative innkjøparar samarbeider tett med verksemdsleiarar, fagfolk, leverandørar og brukarar allereie i planleggingsfasen. Dette gir kunnskap om behov og løysingar. Innovative offentlege anskaffingar skal utfordre og utvikle leverandørmarknaden.

Regelverket tillét at offentlege verksemder er i dialog med leverandørar før konkurransen vert utlyst. Det er likevel viktig å sikre likebehandling og at dialogen ikkje hindrar konkurranse.

Prosessen steg for steg

Hovudtrekka i metoden er å jobbe grundig med behovsdefinering og ha dialog med leverandørmarknaden i fasen før konkurransen vert gjennomført.

Dei viktigaste stega er:

  • Vurdere behov
  • Planlegge og organisere
  • Dialog med marknaden
  • Gjennomføre konkurranse
  • Implementere og følge opp

Innspela frå dialogen og tidleg brukarinvolvering vert brukt når kravspesifikasjonen skal utformast. Oppdragsgivar skildrar kva funksjon som skal dekkast, og overlét til leverandørane å kome med konkrete løysingsforslag

Hjelp å få – Nasjonalt program for leverandørutvikling

Deltaking i Leverandørutviklingsprogrammet hjelpte oss med å overvinne frykta for å snakke med leverandørane, og Difi har vore ein viktig støttespelar gjennom heile anskaffingsprosessen. Vi anbefaler andre å benytte seg av  desse moglegheitene.

Ronny Bjørnevåg, Lyngdal kommune

Difi har saman med Nasjonalt program for leverandørutvikling utvikla ein metode for innovative anskaffingar. Programmet hjelper offentlege innkjøparar med å gjennomføre prosjekt.

Les meir om denne metoden på anskaffelser.no.

Sharethis

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut