N3 – Nytt, nyttig, nyttiggjort

Logo for N3 - Kommunesektorens innovasjonsverktøy

N3 er eit enkelt verktøy som passar for kommunar som vil ta i bruk innovasjonsmetodikk i konkrete prosjekt.

Publisert: 15. des 2014, Sist endra: 04. mar 2019

N3 hjelper dykk med å kome i gang

N3 er eit digitalt verktøy som passar godt for dykk som skal i gang med dei første innovasjonsprosessane. Verktøyet legg opp til at de skal jobbe saman om å forstå innovasjon og jobbe fram eit prosjekt. N3 består av tre delar:

  • ein kortfilm
  • ein opplæringsdel
  • ein praktisk del

Intro - Kva er innovasjon?

I dei to første delane vert de introduserte for innovasjon som fag og kvifor det er relevant i offentleg sektor. De vert oppmuntra til å reflektere rundt kva innovasjon betyr og korleis de kan bruke det lokalt.

Kva må de tenke på i oppstarten?

Den praktiske biten av verktøyet er spesielt laga for dykk som har eit prosjekt de skal i gang med. Her får de tips og råd, vert utfordra på å vere konkrete og tenke gjennom styrkane og svakheitene til prosjektet. Når de er ferdige med å legge inn informasjon i verktøyet kan de laste ned eit samandrag som fortel meir om kva de må jobbe vidare med for å kunne lukkast med prosjektet.

Modell av N3: Nytt, nyttig, nyttiggjort
 
 

Å lukkast med innovasjon

N3 er bygd opp omkring fem fundament som må vere på plass for å lukkast med innovasjon:

  • behov
  • løysing
  • pådrivar
  • team
  • forankring

Alle fundamenta må vere med for å lukkast med eit innovasjonsprosjekt, og effekten av dei forsterkar kvarandre.

Ein innovasjonsprosess består av arbeid med BEHOV, utvikling av LØYSING, og TESTING av løysing. Prosessen vert gjentatt til løysinga fungerer godt.

N3 er utvikla av KS saman med innovative kommunar, Sintef og Innoco.

Gå til N3 her.

Sharethis

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut