På skulebenken for å lære om klart lovspråk

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) var førstemann ut med eige lovspråkskurs frå Difi. 16 ulike verksemder skal no på skulebenken og lære om mål- og mottakaranalyse, brukartesting, forholdet mellom presisjon og klarspråk, og språk i regelverk.

Publisert: 23. sep 2016, Sist endra: 04. mar 2019

Det var stor interesse for å få tildelt eit dagskurs i klart lovspråk då Difi utlyste 18 slike kurs rett før sommaren. (To verksemder har fått tildelt to kurs kvar.) No er kursa godt i gang i dei ulike verksemdene.

- Det er første gong Difi tilbyr slike kurs, og vi er spente på evalueringa, seier prosjektleiar for "Klart lovspråk" i Difi, Sissel C. Motzfeldt.

- Den store interessa viser at vi har treft eit behov og eit ønske om kompetanseheving i forvaltninga.

Målgruppa for kursa er statstilsette som skriv lovar og forskrifter. Dei neste kursa vert haldne hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Mattilsynet. Så går det slag i slag fram til 29. november. Kurshaldarane, som kjem frå NTB Arkitekst, vil så langt det er mogleg bruke døme og tekstar frå statsorganet sine eigne tekstar i kursa.

Kursdeltakarar på lovspråkskurs i DSB

Kurshaldar Margrete Kilde Nes (heilt til venstre) sit ved sida av juridisk direktør i DSB Kristin Cordt-Hansen.

 

 

Sharethis