Nominer kandidatar til klarspråksprisane!

Statuettene fra klarspråksprisen

Har verksemda di jobba godt med klarspråk? Eller veit du om ein "trekkhund" som har gjort ein særskild innsats i klarspråksarbeidet? No kan du nominere kandidatar til klarspråksprisane. Fristen er 1. februar 2019.

Publisert: 27. nov 2018, Sist endra: 27. nov 2018

Klarspråksprisen for staten har vore delt ut sidan 2009. Frå 2016 har også kommunar og fylkeskommunar fått ein eigen pris. Vi vil i tillegg gjere stas på «årets trekkhund», altså ein person som har gjort ein særskild innsats i klarspråksarbeidet.

Det betyr at vi deler ut desse prisane for 2018:

  • Klarspråksprisen for staten
  • Klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar
  • utmerkinga «Årets trekkhund»

Fristen for å nominere kandidatar er 1. februar 2019.

Slik nominerer du

Klarspråksprisen for staten og for kommunar og fylkeskommunar

Vil du nominere din eigen arbeidsplass, sender du ein e-post til klarsprak@sprakradet.no med relevante vedlegg. Nominasjonen skal vere underskriven av ein leiar. Heile nominasjonen skal sendast som éi fil. Dersom du vil sende inn større strategidokument, språkprofilar og liknande, ber vi om at du sender det som lenkje(r). Skriv «Klarspråksprisen 2018» i emnefeltet.

Ønskjer du å nominere andre? Send oss ei kort grunngjeving, så tek vi kontakt med kandidaten.

Utmerkinga «Årets trekkhund»

Ønskjer du å nominere ein klarspråksentusiast? Send namn og grunngjeving for nominasjonen til klarsprak@sprakradet.no. Skriv «Årets trekkhund 2018» i emnefeltet. Nominasjonen skal vere underskriven av ein leiar.

Les meir om klarspråksprisane her.

Sharethis

Kontakt

Ragnhild Nicoline Elvestad
E-post: ragnhild.nicoline.elvestad@difi.no
Telefon: 909 19 640

Torunn Reksten
E-post: torunn.reksten@sprakradet.no
Telefon: 22 54 19 54