Råd og tips om skriveverkstader

Bruk av skriveverkstader breier om seg i klarspråksarbeidet. Fleire verksemder har hatt stor nytte og glede av denne arbeidsmetoden som set tverrfagleg samarbeid i system. No har Difi laga eit hefte med råd og tips om denne metoden.

Publisert: 08. sep 2016, Sist endra: 13. des 2017

I dette heftet har vi samla nokre praktiske råd og tips til dykk som ønsker å arrangere skriveverkstader. Kva må de tenke på før de går i gang? Kva utfordringar kan de treffe på undervegs? Vi presenterer også erfaringane frå fire verksemder som har brukt metoden med hell.

Sharethis