Søk støtte til tekstrevisjon og effektmåling av klarspråksarbeid

Difi lyser ut to støtteordningar til arbeidet med klart språk i staten. Alle statlege verksemder kan søke, og fristen er 19. august 2016.

Publisert: 24. jun 2016, Sist endra: 02. sep 2018

Som eit ledd i arbeidet med å forenkle, forbetre og fornye offentleg sektor ønsker Difi å styrke klarspråksarbeidet i staten og få fleire til å dokumentere effektar av arbeidet. Vi lyser derfor ut to støtteordningar, og dei same verksemdene kan søke støtte frå begge ordningane.

1. Søk om støtte til effektmåling av klarspråksarbeid

Difi gir no økonomisk støtte til arbeid med å dokumentere resultat og måle effektar av klarspråksarbeid i statlege verksemder. Vi deler ut inntil 700 000 kroner totalt. Søknadsfristen er 19. august 2016.

Klarspråk er eit verkemiddel som kan effektivisere og forbetre tenestene til verksemda. Derfor anbefaler Difi å sette klare mål for arbeidet med klart språk og dokumentere resultat og effektar av arbeidet. Dette kan mellom anna gjerast ved å gjennomføre nullpunkts- og effektmålingar. 

Alle statlege verksemder kan søke, men vi vil prioritere verksemder som

  • har klare mål for klarspråksarbeidet
  • er innanfor helsesektoren
  • har planar om å følge opp med fleire målingar
  • bidrar med eigne midlar

Vilkår for å få støtte:

  • Støtta skal brukast til å dokumentere resultat og effektar av klarspråkarbeid, som til dømes å gjennomføre nullpunktsmålingar eller effektmålingar eller begge delar.
  • Verksemdene må sjølv delta i arbeidet, og dei må stille med fleire deltakarar.
  • Etter at arbeidet er ferdig, skal resultata sendast til Difi, saman med ein kort omtale av arbeidet som er gjort. Difi står fritt til å publisere resultata på nettstaden klarspråk.no og i andre samanhengar.

Det er ikkje eit krav at pengane må brukast opp i 2016. Til dømes kan vi støtte ei nullpunktsmåling som skal gjerast i år og som skal følgast opp med ei effektmåling i 2017.

Støtta som vert tildelt, skal dekke utgifter til å leige inn eksterne konsulentar. Dei som får tildelt støtte, må sjølv engasjere eksterne konsulentar og inngå avtale om når og korleis arbeidet skal gå føre seg.

Til inspirasjon anbefaler vi verksemdene å lese heftet Klart språk gir resultater. 10 eksempler fra stat og kommune og meir utfyllande artiklar om døma.

Vi viser også til fellesføringa i tildelingsbreva for 2016 om å styrke kontakten mellom brukarane og forvaltninga.

Søknadsskjema finner du lenger opp på denne sidea Fyll det ut og send det til sanja.skaar@difi.no

2. Søk om støtte til revisjon av tekstar

Difi gir no økonomisk støtte til arbeid med å arbeide med og forbetre konkrete tekstar i statlege verksemder. Støtta er på 50 000 kroner per verksemd, og vi deler ut inntil 400 000 kroner totalt. Søknadsfristen er 19. august 2016.

Alle statlege verksemder kan søke, men i år vi vil prioritere

  • tekstar som kan bidra til å fjerne tidstjuvar
  • tekstar knytt til digitale tenester
  • verksemder innanfor helsesektoren
  • verksemder som også vil utføre effektmålingar på dei tekstane dei skal revidere

Vilkår for å få støtte:

  • Verksemdene må sjølv delta i tekstarbeidet, og dei må stille med fleire deltakarar.
  • Tekstane som skal reviderast må vere retta mot eksterne målgrupper og skal verte tatt i bruk i ny versjon når arbeidet er ferdig.
  • Etter at arbeidet er ferdig, skal ny og gammal versjon av tekstane sendast til Difi, saman med ein kort omtale av arbeidet som er gjort. Difi står fritt til å publisere tekstane som døme på nettstaden klarspråk.no og i andre samanhengar.

Støtta som vert tildelt, skal dekke utgifter til å leige inn ein ekstern språkrådgivar. Dei som får tildelt støtte, må sjølv engasjere den eksterne språkrådgivaren og inngå avtale om når og korleis tekstarbeidet skal gå føre seg.

Verksemdene kan i tillegg søke om å få dekt eventuelle utgifter til reise og opphald for språkrådgivaren etter avtale med Difi.

Søknadsskjema finn du lenger opp på denne sida. Fyll det ut og send det til sanja.skaar@difi.no.

Sharethis

Kontakt