Prinsipp for framifrå praksis

Som eit verktøy for kvalitetsleiing har CAF slutta seg til og integrert dei grunnleggjande prinsippa for framifrå praksis som definert av EFQM, men tilpassa offentleg sektor.

Publisert: 19. jan 2015, Sist endra: 09. jan 2019

Prinsipp 1: Resultatorientering

Verksemda er resultatorientert. Det blir oppnådd resultat som alle interessentane til verksemda (styresmakter, borgarar/brukarar, partnarar og medarbeidarane i verksemda) er nøgde med ut frå dei fastsette måla.

Prinsipp 2: Brukarretting

Verksemda er oppteke av å tilpasse seg behova til noverande og potensielle borgarar/brukarar. Desse blir involverte i utviklinga av ytingane til verksemda (tenester og utøving av styresmakt).

Prinsipp 3: Målretta leiing

Dette prinsippet sameinar visjonær og inspirerande leiing med å fasthalde mål i stadig skiftande omgjevnader. Leiinga syter for at verksemda får eit tydeleg føremål i tillegg til visjonar og verdiar. Ho skal også skape og oppretthalde eit internt arbeidsmiljø der medarbeidarane kan engasjere seg fullt og heilt i å realisere måla til verksemda.

Prinsipp 4: Styring ved hjelp av prosessar og fakta

Dette prinsippet styrar verksemda ut frå perspektivet om at eit ønskt resultat blir oppnådd meir effektivt når tilknytte ressursar og aktivitetar blir styrt som ein prosess, og føremålstenlege avgjerder blir baserte på analyse av kunnskapsbasert informasjon.

Prinsipp 5: Utvikle og involvere medarbeidarar

Medarbeidarar på alle nivå utgjer kjernen i verksemda, og når dei blir involverte heilt og fullt, kan dei også bruke evnene sine til beste for verksemda. Innsatsen til dei tilsette bør maksimerast ved at dei får utvikle seg og involvere seg i å skape eit arbeidsmiljø med sams verdiar og ein kultur prega av tillit, openheit, endringsvilje, gjennomføringsevne og samtykke.

Prinsipp 6: Kontinuerleg læring, innovasjon og forbetring

Dugande praksis betyr å utfordre «tingenes tilstand» og innføre endringar gjennom kontinuerleg læring for å skape innovasjon og høve for betring. Kontinuerleg betring bør difor vere eit av dei permanente måla til verksemda.

Prinsipp 7: Utvikling av partnarskap

Verksemder i offentleg sektor er avhengige av andre for å nå måla dei set seg, og bør difor utvikle og halde oppe partnarskap som skaper meirverdi. Ei verksemd og samarbeidspartnarane til denne er avhengige av kvarandre, og ein relasjon der ein gjer kvarandre rikare styrkjer begge si evne til verdiskaping.

Prinsipp 8: Samfunnsansvar
Verksemder i offentleg sektor må utvise samfunnsansvar utover sitt eige føremål, respektere økologisk bærekraft og freiste å oppfylle dei viktigaste forventningane og krava frå samfunnet både lokalt og globalt.

Sharethis

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut