Evaluering av tidstjuvarbeidet

Difi har inngått avtale med Rambøll om å evaluere arbeidet med å fjerne tidstjuvar. Evalueringa skal både gje betre kunnskapsgrunnlag om tidstjuvarbeidet i forvaltninga, og få fram kva resultat og effektar prosjektet har hatt.

Publisert: 19. aug 2015, Sist endret: 04. mar 2019
Difi har inngått avtale med Rambøll om evaluering av tidstyvarbeidet
 

Rekke 1: Direktør Morten Skodbo, Rambøll og avdelingsdirektør Eivor Nebben, Difi Rekke 2. Marianne Holmesland, Rambøll og Inger Johanne Sundby, Difi. Rekke 3: Mette Mannsåker, Difi og Jan Hovland Honerud, Red Tape Crossing (Rambøll)

- I løpet av hausten skal Difi gjere framlegg om korleis vi kan vidareføre arbeidet med tidstjuvar i linja som eit kontinuerleg betrings- og innovasjonsarbeid, fortel prosjektleiar Mette Mannsåker. Til dette treng vi eit betre kunnskapsgrunnlag om kva som skjer ute i verksemder og departement, og vi treng meir kunnskap om korleis verkemidla våre fungerer, held ho fram.

Både ei følgjeevaluering og ei resultatevaluering

Evalueringa er todelt. Fram til jul skal det arbeidast med eit forprosjekt. I dette forprosjektet skal Rambøll mellom anna gjere eit djupdykk i ti verksemder som gjer eit godt arbeid på kontinuerleg forbetring/tidstjuvarbeid. Deretter skal det gjennomførast eit hovudprosjekt der meininga er å få fram kva resultat og effektar prosjektet gjev. Hovudprosjektet skal ferdigstillast til juni 2017.

- Dette prosjektet er både ei følgjeevaluering og ei resultatevaluering, seier Marianne Holmesland, som er prosjektleiar for Rambøll. Vi skal på den eine sida bidra med innspel til prosjekteigarane om forbetringspunkt som dei kan innarbeide i prosjektgjennomføringa, samstundes som vi skal freiste å få fram kva resultat og effektar prosjektet har. Vi ønskjer difor i løpet av hausten å arrangere workshop med eit utval verksemder. I fellesskap skal vi utarbeide ein forandringsteori som skal liggje til grunn for det vi kallar ein bidragsanalyse. Denne bidragsanalysen skal vi bruke for å evaluere resultata av prosjektet, fortel Holmesland.

Ved å bruke bidragsanalyse som tilnærming, skal Rambøll kunne vurdere i kva grad oppnådde resultat kan tilskrivast tidstjuvprosjektet, samt kva faktorar som har fungert som drivarar og hemmarar i realiseringa av dei ønskte resultata.

Korrekte årsakssamanhengar og bakgrunn for eventuelle effektar

Holmesland held vidare fram at det skjer mykje forbetringsarbeid i offentleg sektor for tida. – Dette gjev oss nokre utfordringar. Det er ikkje sikkert det er heilt eintydig kva som gjev effektar. Vi ønskjer å kunne identifisere dei korrekte årsakssamanhengane og bakgrunnen for eventuelle effektar. For å få til det, treng vi eit heilskapleg blikk på verkemiddelbruken for fornying av offentleg sektor, seier Holmesland.

Evalueringsarbeidet har byrja

Rambøll les no gjennom relevante dokument frå prosjektet. Vi vil i nær framtid kontakte dei verksemdene og departementa som vi håpar vil vere deltakarar i evalueringsprosjektet. Prosjektet skal følgjast av ei referansegruppe som skal bestå av leiarar. Det skal etablerast ei arbeidsgruppe som skal bidra i utviklinga av forandringsteorien og aktuelle «caseverksemder». - Ønsket er at dei som bidreg og deltek inn i prosjektet også skal oppleve deltakinga som eit kunnskapsløft som vil kome verksemda til nytte, avsluttar Holmesland.

Deldette

Kontakt