«Jakten på tidstjuvane!» – eller «Kampen for å få fokusera på føremål og oppgåve!»

Aksel Mjøs, dr.oecon., førsteamanuensis Norges Handelshøyskole

Publisert: 26. mai 2015, Sist endra: 27. sep 2017

Eg er oppteken med at korleis offentleg sektor sjølv verkar og samverkar, men og dei premissar den set for resten av samfunnet. Vi som samfunn har vald å ha ein omfattande offentleg sektor – som i seg sjølv er «sektorisert» - då er det særleg viktig at vi evnar å kritisk vurdera om aktivitetane leverer på føremåla! Ein forsøksvis definisjon av tidstjuvar er pålagte aktivitetar som tek tid og fokus frå den «verkelege» oppgåva (t.d. undervisning, omsorg, behandling eller forretning). Dessutan står sjeldan nytten av tidstjuvane i forhold til kostnadane.

I tillegg til å vise til mine kronikkar i Dagens Næringsliv og Aftenposten vil eg tenkja høgt om nøkkelmoment til arbeidet.

Først – korleis kan ein kategorisera tidstjuvar?

En tabell som viser hvordan man kan kategorisere tidstyver
Dersom styresmaktene skal ha truverde i kampen mot tidstjuvane må ein ikkje berre fokusera på utfordringane merka A, B og C i tabellen, men og reelt ta tak i D, E og F! Dvs. slutta med unødvendige aktivitetar. Det er og nødvendig med undring og ydmykhet i forhold til ukjente utfordringar i dei tomme kategoriane.

Aktivitetane i stat og kommune representerer arbeidsplassar, leiarroller og karrierar for mange engasjerte og kompetente menneske. Desse må kjenna nok tryggleik for eiga framtid til å verta positive medspelarar i kampen mot tidstjuvane, elles kan dei verta svært effektive bremser. Jobbtryggleiken i offentleg sektor er ein viktig suksessfaktor som må nyttast offensivt for å redusera sperrene mot omstilling. I tillegg trengs det ei kulturendring der sjølvstende og endringskraft er meir verdsett i karrieresamanheng enn lojalitet og evne til å samla makt og ressursar (imperiebygging).

Andre innspel

  • I det faste plan og budsjettarbeidet, samt leiarevaluering og medarbeidarsamtalar, må kampen mot tidstjuvane verta ordinært integrert som saksområde. Dessutan må avslutning av tiltak (lover, forskrifter, rapporteringsrutinar osv.) og nedlegging av avdelingar ha like stort fokus som nye initiativ.
  • For alle aktivitetar som har konsekvensar for andre (offentleg og/eller privat) må ein sjekka aksept og opplevd kvalitet hjå motparten. Private verksemder testar stadig oftare kundetilfredshet og med god bruk av nettløysingar kan dette skje effektivt. Slike testar vil gi heilt annan forståing for kva kostnader andre har ved aktivitetane. Gjentekne testar vil og visa utviklinga i arbeidet med tidstjuvane – og inspirera til ny innsats.
  • EU/EØS og andre internasjonale krav medfører aktivitetar som Norge må gjennomføra – det er likevel rom for reflektert nøkternhet på områder der ein ikkje ser relevansen her.
  • Bevaring av arbeidsplassar i forvaltninga er ikkje eit gyldig argument for ein aktivitet. Offentleg aktivitet inneber store kostnader på samfunnet elles, både direkte via skattar og avgifter, og indirekte gjennom krav og pålegg. Verdien av aktiviteten må difor stå i forhold til denne kostnaden. Omstilling til andre oppgåver er difor både ressurseffektivt og meiningsfylt for dei det gjeld.
  • Dersom leiarar i offentleg sektor skal få fridom under ansvar må dei oppleva få, prioriterte, oppgåver og mål – med klåre handlingsrom – i forkant. Dette krev at overordna nivå er vaksne nok til «ex ante» prioritering og unngår målstyring med etterpåklokskap. Ansvarlege, godt informerte leiarar på rett nivå vert då best i stand til dynamisk leiarskap i møte med uventa utfordringar.
  • Det er ei utfordring at ikkje analysane av tidstjuvar i seg sjølv vert ein tidstjuv.

 

 

Sharethis