Tilskot som tidstjuv – ein maskert banditt, eller ran på ope gate

Bård Olesen, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet

Helsedirektoratet har sett i gang fleire prosessar for å forenkle og effektivisere tilskotsforvaltninga si. Dei har mellom anna utvikla eit eige system for forvaltning og administrering av tilskot, og utviklar no eit evalueringssystem for ordningane.

Publisert: 30. jun 2015, Sist endra: 06. jan 2019

 «Vi erkjenner at vi i for liten grad har innsikt i samfunnseffektane av tilskota, og ønskjer no å etablere eit betre kunnskapsgrunnlag.»  

Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Bård Olesen.

Tidstjuv nr. 1940 handlar om Helsedirektoratet sine 180 tilskotsordningar. 

- Tidstjuven i dette er at det er vanskeleg å skape ein god samanheng mellom mål som vi skal nå, og tilskotet som sentralt verkemiddel. Færre tilskotsordningar hadde hjelpt til at vi kunne arbeidd meir heilskapleg mot målsetjingane våre. For oss har mål og resultatstyring i stor grad blitt mål og aktivitetsstyring. Kvar tilskotsordning har detaljerte aktivitetskrav vi skal rapportere på, seier Olesen.

Olesen ser fram til å vere med på erfaringsseminaret den 7. september, og håpar på gode diskusjonar om tilskotsforvaltning.

- Eit stort problem er at vi alle sit i kvar vår verksemd og utviklar våre eigne system. Det er eit problem at sentral stat ikkje kan einast om eit sams forvaltningssystem. Fleire departement jobbar no godt saman med sine underliggjande verksemder om betre tilskotsforvaltning. Eg håpar difor vi får gode diskusjonar på tvers av verksemder. Dei store vinstane får vi først om vi hadde fått til eit sams utviklingsprogram på tvers. For å få til det treng vi nokon som tek ei tydeleg koordineringsrolle, avsluttar Olesen.

Bård Olesen opnar erfaringsseminaret den 7. september. Til seminaret kjem også Anne Mette Aralt frå Fylkesmannen i Vestfold, Akershus fylkeskommune, seniorrådgjevar Bjarne Rosted frå Avdeling forenkling og brukardialog i Brønnøysundregistra og DFØ.

Bilde © Thomas Lien/Helsedirektoratet

Sharethis