IKT-utfordringar

IKT-utfordringane som er oppsummerte her, tar for seg eit utval av tidstjuvane og tema som på ulike måtar har eit IKT-perspektiv.

Oppsummeringane av tema under byggjer på ei bestilling frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet våren 2015 som er oppsummert i eit notat (sjå lenka nederst). Notatet byggjer på eit utval av temaer og tidstjuvar frå grafen over. Dei er også kort oppsummert her:

Informasjonsutveksling

Tidstjuvar om informasjonsutveksling handlar om både integrasjon og dataflyt, tilgang på data/data inn og rapportering/data ut. 

Integrasjon og dataflyt dreier seg om manglande integrasjon mellom administrative system (sak/arkiv, økonomi, personal) og fagsystem (miljø, landbruk, justis, helse osb), manglande integrasjon mellom ulike fagsystem og manglande datautveksling mellom ulike register. 

Tilgang på data dreier seg om manglande oversikt over register/tilgjengelege data og om manglande tilgang til register/fleire data i registeret.

Tidstjvuvane om rapportering handlar om rapportering, manglande koordinering og utveksling av data, slik at ein må rapportere dei same data i ulike format og i ulike system til ulike interessentar. Fleirtalet av tidstjuvane om integrasjon mellom datasystem, er frå Fylkesmennene.

Les i arbeidsnotatet om informasjonsutveksling.  

Fylkesmennene

Fylkesmennene utfører oppgåver for mange departement og direktorat, som brukar mange ulike fagsystem. Fleire av tidstjuvane hos Fylkesmennene handlar om integrasjon mellom datasystem og om tidstjuvar som eksplisitt dreier seg om tilskotssystem.

Tidstjuvane om integrasjon dreier seg om gamle, umoderne fagsystem som er tungvinte å bruke og ikkje er integrerte med andre system. Data og informasjon må manuelt hentast frå eitt system og leggjast inn att i eit anna system.

Det kan vere administrative system og rapporteringssystem, eller fagsystem som etterspør opplysningar som finst ei eit anna fagsystem.

Tidstjuvane om tilskotordningar og –system dreier seg om ulike ordningar innan t.d. landbruk, miljø, kultur og kommuneøkonomi, og fleire etterlyser eit heilskapleg system for forvaltning av tilskotsordningar. Det ein ønskjer er system som handterer heile arbeidsprosessen frå registrering av søknadar, vurdering av søknadane, vedtak, utbetaling og rapportering og arkivering.

Alternativt at eksisterande system kan hente opplysningar frå andre relevante system, slik at ein slepp å leggje dei inn fleire gonger, og tilsvarande at andre kan hente ut data frå systemet til t.d. rapportering og økonomisystem.

Les i arbeidsnotatet om fylkesmennene. 

Felleskomponentar og -løysingar

Felleskomponentar og fellesløysingar er her definert som komponentar i IKT-løysingar som kan sambrukast eller gjenbrukast i fleire IKT-løysingar i offentleg sektor.

Dei mest sentrale i dag er ID-porten, Altinn, folkeregisteret, einingsregisteret, matrikkelen, digital postkasse, nasjonalt kontakt- og reservasjonsregister. Autentisering og e-signatur som felleskomponent er eit tema, og det blir her etterlyst eit felles system for innlogging på PC og til datasystem som ein har tilgang til i arbeidssituasjonen.  

Behov for e-signatur t.d. i klagesaker, er eit anna tema. Moglegheiter for innlogging via ID-porten for personar utan fødselsnummer eller D-nummer blir også etterlyst t.d for utanlandske rapporteringspliktige (foretak under tilsyn). Det blir og etterlyst felles register for bankkontonummer for utbetalingar, og betre søkefunksjonalitetar i folkeregisteret.

Les i arbeidsnotatet om felleskomponentar og -løysingar.  

IKT-system mange nyttar

Nokre tidstjuvar dreier seg om felles krav/påtrykk om oppgraderingar/endringar til leverandør av system som mange i staten brukar, som å utvikle meir brukarvenelege integrasjonsmodular mellom IT-system. IT-system som WebSak, Public360, Ephorte og andre saks-/arkivsystem blir opplevd som lite brukarvenlege.

Opplæring i systema blir opplevd som mangelfull, men manglande kompetanse kan og botne i at mange er relativt sjeldne brukarar.

Les i arbeidstnotatet om IKT-system.

Styring og implementering av nye IKT-system

Ein del tidstjuvar handlar om styring og implementering av nye IKT-system. Eit døme på det, er tidstjuvar frå fylkesmannsembete som går på at verjemålssystemet ‘Arve’ (no ‘Vera’) var for dårleg utprøvd og testa før det blei sett i produksjon.

Sidan desse tjuvane vart rapporterte inn har det skjedd utbetringar, men det skal framleis vere utfordringar knytta til både funksjonalitet og kapasitet. Sjå også eigen omtale av tidstjuvar om verjemål. Andre tidstjuvar handlar t.d. om at nye IKT-system blir innført utan god nok testing/gjennomarbeiding i forkant og om behov for meir kritisk vurdering og betre opplæring før nye system vert innført.

Les i arbeidsnotatet om styring og implementering av nye IKT-system.  

Elektronisk meldingsutveksling

I nokre tidstjuvar etterlyser eins moglegheita til å utveksle dokument på ein sikker måte, som dokument ein ofte sender som vedlegg til e-post eller som papirpost. I tillegg er det fleire tidstjuvar i databasen som ikkje er tekne med i denne gruppa fordi dei er kategoriserte som andre typar problem enn IKT-relaterte, og der elektronisk meldingsutveksling kan vere ein del av løysinga.

Les i arbeidsnotatet om elektronisk meldingsutveksling.  

Enkeltoppgåver, KMD

Nokre av tidstjuvane er retta mot enkelte oppgåver som Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for, som felles dataverktøy for økonomistyring og rapportering, ei felles løysing for elektroniske høyringar, modernisering av Forvaltningsdatabasen som er ein base med over statlege organ, og at databasen Oversikt over styrer, råd og utval bør moderniserast.

Nokre handlar om samordning av prosessar i byggesaksbehandlinga og om at samordning av godkjenning frå Arbeidstilsynet og melde-/og søknadsplikt etter Plan- og bygningslova bør utgreiast.

Les i arbeidsnotatet om enkeltoppgåver, KMD.  

Langsiktig finansieringsplan

Nokre tidstjuvar etterlyser m.a. ein overordna plan for digitalisering i offentleg sektor, med tilhøyrande framdriftsplan og finansiering over fleire år. Det blir peika på  mangel på føreseielege budsjett i eit lengre tidsrom enn årleg og rom for større investeringar på IKT-området. Dette blir halde fram som faktorar som avgrensar moglegheitene til ein større innsats for å modernisere gamle fagsystem, få til integrasjon mellom ulike datasystem og utvikle nye databasar og system.

Les i arbeidsnotatet om langsiktig finansieringsplan.  

Korleis kan IKT vere med på å fjerne tidstjuvar?

 Professor Lars Groth ved Universitetet i Oslo og Lise Løwe, direktør for kunde- og marknadsområdet i Statens pensjonskasse, snakkar om korleis IKT kan vere med på å fjerne tidstjuvar.

Last ned

Publisert: 14. sep 2015, Sist endret: 21. sep 2016

Deldette