Høyringsbrev – Revidert forvaltningsstandard for omgrepsharmonisering og omgrepskoordinering

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) gjennomfører no ei høyring av anbefalte og obligatoriske IT-standardar i offentleg sektor. Høyringsfristen er 29.10.2019.

Publisert: 03. okt 2019, Sist endra: 11. mai 2020

På vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) forvaltar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) Referansekatalogen for anbefalte og obligatoriske IT-standardar i offentleg sektor.

For denne høyringa er det utarbeidd høyringsnotatet «Høringsnotat med forslag til revidert Forvaltningsstandard for begrepsharmonisering og begrepskoordinering». Notatet inneheld bl.a. kort utgreiing av bakgrunn og behov for å revidere "Standard for begrepskoordinering" gitt ut i februar 2013, forslag til endringane, kort utgreiing omkonsekvensar av føreslegne endringar i tillegg til forslag til den reviderte versjonen av standarden. Det er også vedlagt eit Excel-ark som vi ynskjer at de som høyringsinstans nyttar om de har kommentarar og endringsforslag.

Sharethis