Referansegruppe for sikkerheitsmånaden 2017

Vil du fortelje oss kva verksemda di ynskjer seg frå Difi i oktober?

Publisert: 24. jan 2017, Sist endra: 04. okt 2017

Difi er no i gang med planlegging av sikkerheitsmånaden 2017 og vi ønskjer å kome i kontakt med brukarane våre.

Vi inviterer til ei referansegruppe frå offentlege verksemder som får være med på å påverke innhald og utforming av det vi skal levere for å nå fram med sikkerheitsbodskapen (kva, kvifor og korleis).

Vi ynskjer å ha med både dei som har informasjonssikkerheit som hovudoppgåve og tilsette med andre oppgåver som til dømes HR, arkiv og innkjøp. Vi planlegg to referansegruppemøter i Difis kurslokale, Grev Wedels plass 9, 0151 Oslo, begge med påmelding seinest 6. februar 2017.

  • Dei med informasjonssikkerheit som hovudoppgåve - måndag 13. februar kl. 10.00-14.00.
  • Tilsette med andre oppgåver - til dømes HR, arkiv og innkjøp - måndag 20. februar kl. 10.00-14.00 

E-post med lenke til påmelding er sendt ut til dei som står på NIFS-lista

Om di verksemd ynskjer å vere med på møtet og du ikkje står på NIFS-lista, send e-post til Barbro Lugnfors.

Sharethis

Kontakt