Nordtrøndersk initiativ for kommunal utvikling

Difi var i slutten av mars medarrangør av eit arbeidsseminar for innovasjon i og med kommunal sektor i Trøndelag. Seminaret vart arrangert i samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT), Trøndelag Forskning og Utvikling (TFoU), KS Midt-Noreg, Distriktssenteret og Steinkjer kommune. I overkant av 40 deltakarar diskuterte og arbeidde med kommunale utviklingsspørsmål med stort engasjement. Målet for arbeidsseminaret var å drøfte korleis vi kan leggje til rette for å fremje innovasjon i kommunane.

Publisert: 17. apr 2015, Sist endra: 04. mar 2019

Etter innlegga fekk deltakarane utdelt arbeidsoppgåver. Dei jobba så gruppevis med oppgåvene før det vart debatt i plenum. Foto: Erling Bergh.

Foto: Erling Bergh

På seminaret viste deltakarane stort engasjement, og det vart fremja mange interessante synspunkt. Langsiktige perspektiv i kommunane, behovstenking, kulturendring, utvikling og tilgang på oppdaterte verktøy vart sett på som viktige fokusområde for å fremje innovasjon i kommunesektoren. Deltakarane meinte at ein ved å tenkje nytt, og rette fokuset på desse områda, så vil kommunane vere betre rusta til å skape gode løysingar for innbyggjarane.

Direktør Øyvind Skogvold frå Trøndelag Forsking og Utvikling (TFoU) problematiserte forskjellen på privat innovasjon og offentleg innovasjon. Skogvold forklarte at innovasjon og utvikling i privat sektor ikkje er mogleg å overføre direkte til offentleg sektor. Difor meinte han at det er viktig å utvikle kunnskap om utvikling i offentleg sektor. Representantar frå offentleg sektor etterspurde også forsking og kunnskapsutvikling av innovasjonsarbeid i offentleg sektor. Representantane presiserte også kor viktig det er at kommunane delar og spreier slik kunnskap.

Anne Grete Wold frå Innherred samkommune forklarte at kommunal utvikling må skje i samskaping med omgjevnadene. Kommunen er til for innbyggjarane, samtidig er også innbyggjarane ein ressurs for kommunen. Det offentlege burde utvikle seg i samskaping med brukarar, innbyggjarar, næringsliv og utdanningsmiljø. Dette fordrar ifølgje Wold at kommunane erkjenner kva behov dei har, først då vil ein få moglegheit til å ta i mot.

Innleiarar på arbeidsseminaret var Hanne Solheim Hansen (HiNT), Sissel Hoel (Difi), Trude Andresen (KS), Øyvind Skogvold (TFoU), Roald Lysø (TFoU) og Thorbjørn Wekre (Distriktssenteret).

Sharethis