#hack4no 2016 - matnyttig praktisk bruk av offentlege data

Difi var 27.–29. oktober for andre år på rad saman med Kartverket arrangør av #hack4no på Hønefoss – eit hackaton der fleire hundre barn, ungdommar og vaksne tok del i idékonkurranse, datasamling og koding.

Publisert: 03. nov 2016, Sist endra: 25. mar 2019

Hackathon (etter hack- & -athon) - ein event der programmerarar treffast for å programmere og bli inspirert av kvarandre sine ferdigheiter i å skrive kode.

Wikipedia

#hack4no blei ein god og nyttig møteplass med brei samhandling mellom tilbydarar av opne datasett, utviklarar, designarar og interesserte personar frå gründer-, student- og IT-miljø. Målet var å realisere potensialet for verdiskaping som ligg i opne data gjennom gode idéar.

Redd reinsdyra

Savemyreindeer med Marit Mjøen Solheim og Halvor Mjøen saman med juryleiar Eilev Mæhle Liljevik i Making Waves.
 

Savemyreindeer med Marit Mjøen Solheim og Halvor Mjøen; her saman med juryleiar Eilev Mæhle Liljevik i Making Waves.

Vinner av konkurransen ble Savemyreindeer med ein app for varsling av reinsdyr på og ved toglinja på Nordlandsbanen; noko som ofte er eit akutt problem for både reisande, togpersonell og reineigarar.

Dei andre laga som gjorde det best i finalen var

  • Skjult - korleis kombinere historier frå folketrua med kartløysingar
  • Farlig godt - matoppskrifter basert på svartelista dyre- og plantearter
  • Askeladden - om du lurer på om bussen har gått og når neste buss kjem?

Prosjekta i finalen var prega av kreative løysingar på praktiske problem eller meirverdi for reisande basert på offentlege data. I tillegg til gavekort vanka det m.a. oppfølgingspakker med rådgivning hos store teknologi- og konsulentselskaper og ein draumedag hos NRK på vinnarane.

Junior-hackaton

Nærare 200 barn og ungdommar i alderen 6 - 16 år med følgje programmerte og spelte både fredag og lørdag. For juniorane var det lagt mest vekt på leik og moro, men seriøs programmering blei og utført; m.a. av sjølvgåande bilar. Målet for dei yngste var å bidra til auka kodekunnskap og teknologiforståing.

Sanner opna

Statsråd Jan Tore Sanner på junior-hackaton
 

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på besøk på junior-hackaton saman med kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sto for den offisielle opninga. Han var og rundt og inspiserte arbeidet og fekk sjå kva dei yngste var i gong med å kode.

Difi-pris til Artsdatabanken

Difi sin pris for beste datatilbydar gjekk til Artsdatabanken. I grunngjevinga står det at prisen går "til ei relativt lita offentleg verksemd som tilbyr store mengder data av høg verdi, og som har ein eigen opne data-policy med god leiarforankring. Dei er svært deltakande undervegs i konkurransen og er gjerne dei siste som går for kvelden. Årets datatilbydar leverer resultat i form av finalistar og vinnarbidrag som bruker deira data år etter år".

Difi med på mykje

Opne data-teamet representerte Difi i prosjektgruppa for #hack4no. I tillegg var fleire difiananarar med i sekretariatet og i instruktørstaben som hjalp dei yngste deltakarane med koding.

Sharethis

Kontakt