Nordmenn har gode digitale ferdigheiter!

Ikkje overraskande, men fint å få stadfesta! Ei ny undersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at Norge ligg langt framme på digitale ferdigheter blant innbyggjarane. Vi har og fått ein kikk på resultata frå den nye EU eGovernment Benchmark som vert lansert seinare i år. Den viser at vi går fram på 3 av 4 indikatorar!

Publisert: 03. okt 2017, Sist endra: 29. okt 2018

Fredag 22.september arrangerte Difi frokostseminar om korleis møtet med offentleg sektor er for innbyggjarane. Her vart vi presenterte for undersøkingar frå SSB, Capgemini og OECD.

Først ut var SSB, der seksjonsleiar Dagfinn Sve fortalte om siste utgåve av «Bruk av IKT i husholdningane». Undersøkinga viser at Noreg er i ein særstilling når det gjeld innbyggjarane sin bruk av digitale verktøy. Vi ser også at gapet mellom yngre og eldre sin bruk av internett vert redusert, dette er ein positiv utvikling. Samtidig er det viktig at vi hugsar på dei som har ingen digitale ferdigheitar, i aldersgruppa 16-79 år utgjer dette 4 prosent.

Vidare fortalte Capgemini ved Eirik Sodal om Norge sine resultat i årets EU eGovernment Benchmark. Undersøkinga vert publisert i månadsskifte oktober/november. Undersøkinga viser at Norge ligg langt framme i Europa på å tilby innbyggjarane samanhengane tjenester, på 3 av 4 indikatorar i undersøkinga har vi framgang.

Til slutt gav Viktoria Elkina frå Komunal- og moderniseringsdepartementet ein kort presentasjon av anbefalingane til politikk utforming OECD kom med i sin Digital Government Review of Norway. Den viktigaste konkulsjonen frå OECD er at vi i Norge må få en følelse av at det hastar å auke takten i digitaliseringa.

Konklusjonen er at innbyggjarane i veldig stor grad er klare, så er det opp til offentleg sektor å jobbe saman for å skape gode tenester til brukarane våre.

Sharethis