Testreglar for universell utforming på nett blir allemannseige

No kan du teste som tilsynet. Tilsynet for universell utforming av ikt har publisert ein rapport som viser korleis tilsynet tolkar og testar regelverket.

Publisert: 29. mai 2018, Sist endra: 29. okt 2018

– Alle som driv med utvikling og innkjøp av nettløysingar, bør lese denne rapporten. No kan du sette deg inn i dei testreglane og indikatorane vi brukar i arbeidet vårt, seier direktør i tilsynet, Malin Rygg.

Dei same metodane som tilsynet nyttar for måling av universell utforming, i både kontrollar og statusmålingar, kan brukast av verksemder som vil utvikle og evaluere eigne nettløysingar, eller for å bli tryggare i innkjøpet av nye. Rapporten legg fram tilsynet si tolking av WCAG 2.0, som er ein internasjonal ISO-standard som fleire land ser til når det gjeld tilgjengelegheit på nett. 

Innsikt i metode har stor overføringsverdi

I fjor vart tilsynet sine måleindikatorar publiserte for første gong. No er rapporten som beskriv metoden og indikatorsettet også gjort tilgjengeleg. Rapporten dokumenterer tilsynet si tolking, juridisk og teknisk, av standarden for tilgjengeleg webinnhald (WCAG 2.0). Med er også tilhøyrande testreglar, indikatorar og data for måling av brot eller samsvar med standarden.

Rapporten beskriv korleis tilsynet har bygd opp metoden og indikatorane, og korleis tilsynet har gjort lovkrava til universell utforming av ikt målbare. Dermed er det mogleg for alle å lese korleis tilsynet kontrollerer nettsider og utfører statusmålingar. Slik innsikt meiner tilsynet har god overføringsverdi for alle som utviklar nettløysingar i dag.

Vegen til universelt utforma nettløysingar

I vedlegget til rapporten er det ei oversikt over alle suksesskriteria med enkeltkrava i standarden som er obligatoriske etter forskrifta. Her er formålet med kvart enkelt krav greidd ut, kva brukssituasjonar krava skal ivareta, og ei utdjupa tolking av enkeltkrava. Tolkinga inneheld også ei beskriving av kva innhaldstypar og funksjonalitet kravet gjeld for, og kva kriterium som må vere oppfylte for at løysinga skal vere i samsvar med regelverket.

Stor interesse for metoden i Noreg og i EU

Tilsynet får mange spørsmål om metoden dei brukar. Med innføringa av webdirektivet har også mange land i EU vist interesse for metoden utarbeidd i Noreg. I EU arbeider ein for å finne ein eigna metode for rapportering, og det norske tilsynet har vore med i EU si ekspertgruppe (WADEX).

Når kvart medlemsland skal måle universell utforming, treng EU effektive, pålitelege og transparente målemetodar. Den norske metoden kan danne grunnlag for dette.

Om tilsynet

Tilsyn for universell utforming av IKT ligg under Difi og fører tilsyn etter forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Rettleiing om korleis du kan følge krava finn du på nettsidene til tilsynet.

 

Sharethis