Har de digitaliseringsprosjekt som manglar finansiering?

Regjeringa held fram satsinga på medfinansieringsordninga for små og mellomstore digitaliseringsprosjekt. 127 millionar skal fordelast på digitaliseringsprosjekt i statlege verksemder.

Publisert: 22. okt 2018, Sist endra: 18. jan 2019

Prosjekt med investeringskostnad mellom 5 og 50 mill. kr kan søke om opp til 50 % medfinansiering over 3 år, maksimalt 15 mill. kr. Ei statleg verksemd må stå som ansvarleg for prosjektet, men kan gjerne samarbeide med kommunar og andre verksemder.

Målet er å bidra til å auke digitaliseringstempoet i offentleg sektor og gi reell gevinstrealisering. Prosjekta må vere samfunnsmessig lønsame, der både kvantitative og kvalitative verknader tel med.

Prosjekta som får tilsegn om midlar må levere ein gevinstrealiseringsplan, og 50 % av interne gevinstar skal takast ut som budsjettreduksjon. Verksemdene får altså behalde inntil 50 % av gevinsten sjølve.

Det blir halde rettleiingssamlingar for søkjarar 7. november og 7. desember. Det er Difi som forvaltar ordninga. Meld deg på via Difi sine nettsider.

Prosjekt på over 10 mill. kr i investering, og som får medfinansiering, blir oppmoda om å bruke Digitaliseringsrådet i den vidare planlegging av prosjekta.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 17. januar 2019.

På Difis nettsider får du meir informasjon om medfinansieringsordninga og søknadsskjema.

Vi tek atterhald om endeleg godkjenning av statsbudsjettet.

Til no har 40 prosjekt fått tildelt midlar. Prosjekta omhandlar alt frå utvikling av nye fellesløysingar/infrastruktur til nye digitale tenester for innbyggjarar eller næringsliv og informasjonsportalar som samanstiller og deler data som i dag finst spreidd på ulike stader. På difi.no finn de oversikt over prosjekt som har fått støtte.

Nokre av prosjekta som fekk midlar i 2018:

VerksemdProsjektFormål

Støtte, kr

Arbeids- og velferdsdirektoratetDigisosUtvikle digitale tjenester for sosialhjelpsmottakere på nav.no. Et samarbeidsprosjekt mellom KS, seks kommuner og direktoratet.15 000 000
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratetDigiBarnevernUtvikle en nasjonal portal for bekymringsmeldinger til barnevernstjenesten. Det skal bli enklere å sende en bekymringsmelding, den som melder får umiddelbart beskjed om at meldingen er mottatt og man vil få sporbarhet på meldinger som sendes inn. Sikre at alle meldinger blir behandlet.6 875 000
RiksantikvarenDigiBarnevernHeldigitalisere prosessen med søknad og saksbehandling innen kulturminneforvaltning, som i stor grad skal delegeres. Felles digitale systemer for Riksantikvaren, Sametinget og fylkeskommunene.7 641 088
MattilsynetFramtidsrettet kjøttkontrollDigitalisere, effektivisere og øke kvaliteten på kjøttkontrollarbeidet. For slakteriene vil løsningen gi en betydelig lettelse i arbeidet knyttet til innhenting og vurdering av matkjedeinformasjon. Kostnadene til gebyrer for matkontroll vil også reduseres.12 949 000
LandbruksdirektoratetDigitalisering av forvaltning på skogområdetEffektivisering av kommunal saksbehandling, enklere og mer fullstendig arkivering av saker i kommunene og et nytt verktøy for effektiv registering av kontroll- og kartleggingsoppgaver.3 650 000

 

Sharethis